Diskusjon:Fyrstasjonar i drift i Noreg

Siste kommentar: for 15 år sidan av Roarjo i emnet Motivasjon for denne artikkelen

I første versjon av lista er Værøy fyrstasjon med sjølv om han er utelaten på no:Liste over norske fyr. Om Værøy i supplement til Norsk Fyrliste: Fyrbygning med tårn. Rød lykt av aluminium på topp, Ø 3,0 m.

  • Om kolonnen ”Funksjon”: Har no berre informasjon for dei stasjonane som er med i oversikten hos Fyrhistorisk forening.
  • Om kolonnen ”Linse”: talet refererer til storleik på linsa, sjå Fyr om Fresnels linser.
  • Om kolonnen ”Kommentar”: Har tatt med rekkjevidd for dei seks mest lyssterke fyra, eksempel Vardø (fyret med lengst rekkjevidd): Rekkjevidd lys 23 nm 77 moh. Det siste talet betyr at lyskjelda står 77 meter over middelhøgvatn. Alle tal i kolonnen er frå Bjørkhaug og Poulsson.

Roarjo 11. juli 2006 kl. 17:22 (UTC)

Motivasjon for denne artikkelen endre

Artikkelen var meint å gje oversikt over alle fyr som har vore rekna som fyrstasjonar, og som framleis har ein navigasjonsfunksjon med lys frå lyktehuset på den opphavlege fyrbygningen. Sjølv om dei offisielle autoritetar ikkje definerer omgrepet fyrstasjon eller svarer på spørsmål om det, kan vi ta oss fridommen til la Fyrstasjon tyde noko slikt som

navigasjonsinstallasjon på fast plass med tenester for maritim navigasjon som omfattar lyssignal. Installasjonen har hatt fast tilsyn før modernisering og automatisering.

Blant anna ut frå det som står i Fyrstasjoner og Historikk frå kystveket.

Dessutan, mågleg rettesnor om ikkje Kystverket eller fyrlista gjev svar: viss det ikkje lenger kjem lyssignal frå posisjonen kor den opphavlege lyskilda stod, er det ikkje ein fyrstasjon i drift, men en nedlagt fyrstasjon.

Kystverket skriv i artikkelen om Fyrstasjoner:

' -Drøyt 100 av de klassiske fyrstasjonene vil likevel fortsatt være i drift som navigasjonsinstallasjoner.'

Det er desse 100+ fyrstasjonane denne artikkelen skal gje oversyn over. Roar 16. november 2008 kl. 10:29 (CET)Svar

Tilbake til siden «Fyrstasjonar i drift i Noreg».