Fyr

sjømerke med lys

Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjonhavet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.

Eigerøy fyr i Rogaland
Foto: Roar Johansen

I dag er totalt 107 anlegg definert som fyrstasjonar i Noreg. Ansvar for fyrlys og seglmerke i Noreg ligg hos Kystdirektoratet.

Ulike fyr har forskjellige funksjonar endre

Det finst ulike typar fyr og mindre fyrlykter. Tidlegare var forskjellen på eit fyr og ei fyrlykt at det var folk til stades på fyra, medan det ikkje var det på fyrlyktene. Automatisering av fyr har gjort at skiljet mellom fyr og fyrlykter er mindre tydeleg enn tidlegare. Dei ulike typar av fyr har forskjellige funksjonar:

  • Kystfyra ligg ytst mot havet og er første landkjenning for skip som nærmar seg kysten. Dei har ofte høgare fyrtårn og er plasserte på holmar, øyar eller nes. Kystfyra har kraftig lys fordi dei skal vere godt synlege på lange distansar.
  • Innseglingsfyra leier skipstrafikken trygt inn mot land.
  • Leifyra er mindre fyr som viser leia i indre kystfarvatn, mellom holmar og skjer, og ved innsegling til tronge sund. Dei sender ut lyssignal med eit visst mellomrom og i visse retningar eller sektorar. Desse blir derfor også kalla for sektorfyr.
  • Hamnefyra hjelper skipa inn til hamn.
  • Fiskefyr blei brukte under sesongfisket frå ca. 1850.
  • Fyrskip er fyrlykter som er plasserte på permanent oppankra fartøy der det er lite eigna å byggje faste fyr. Fyrskip har hatt lite utbreiing i Noreg.

Fyrhistorie endre

Fyrtårnet på Faros ved Alexandria på ein romersk mynt.

Fyr har blitt brukt som seglmerke heilt sidan oldtida. Dei tidlegaste fyra var bålfyr, og dei første ein kjenner til blei brukte av fønikarane. Midtpunktet i bynettverket deira blei hamnebyen Karthago, som blei grunnlagd 814 fvt. Festningsverka her blei tidleg fylte ut med eit fyrtårn.

Det romerske Herkulestårnet på spanskekysten.
Foto: Daniel Csörföly

Rundt 600 fvt. fortel kjelda også om fyrlys ved innløpet av Dardanellane. Ved Aten sin hamneby Pireus har ein funne restar av det ein trur er to innseglingsfyr frå rundt 400 fvt. Kolossen på Rhodos, frå rundt 300 fvt., var 33 meter høgt[1] og stod ved innfarten til hamna på Rhodos. Statuen heldt ein fakkel i handa der bål blei tente på om natta for å leie skipa inn i hamna.

Vi kjenner også til fyrtårnet på Faros utanfor Alexandria i den egyptiske oldtida, som blei bygd mellom 280 og 261 fvt. Det var mellom 135 og 170 meter høgt og hadde fyrlykter i form av bål. Fyret var i bruk i rundt 1500 år og vert skildra av den arabiske geografen Edrisi1200-talet. På 1300-talet blei fyrtårnet øydelagt av eit jordskjelv. Fyrtårnet på Faros og kolossen på Rhodos var to av dei sju underverka i den antikke verda.

Namnet på øya fyret stod på, Faros, går igjen på ei rekkje språk med tydinga fyr: fransk phare, italiensk faro (tyder også lykt, som på ein bil), spansk faro, portugisisk farol og gresk φάρος (pharos). Ordet farologi, studiet av fyr, er også avleidd av namnet på øya. Det norske ordet fyr kjem likevel frå norrønt språk, og viser til eld.[2]

Det romerske fyret ved Dover i England frå rundt år 50 er eit av dei eldste fyra som framleis står.
Foto: Chris McKenna

Også i Romarriket blei det reist fyr, så langt nord som i England. Nokre fyr bygde av romarane er Cadiz, frå år 100 fvt. ved innløpet til Middelhavet, Gesoriacom, frå rundt år 40 i Boulogne-sur-Mer ved den franske kanalkysten og Dubra (Dover) i England, frå om lag år 50. Dette tårnet står i dag. Eit anna romersk fyr som framleis står, er Coruña eller Torre dei Hercules/Herkulestårnet nær Ferrol på nordvestkysten av Spania. Det er frå rundt år 100.

Det eldste fyret vi kjenner til frå mellomalderen, er det italienske Meloria utanfor Livorno. Det blei reist i 1158. Deretter følgde Hook Point på sørsida av Irland frå rundt 1172, Cap Peloro nordaust for MessinaSicilia frå 1190. På 1200-talet skipa hanseatane fleire fyr, mellom anna Falsterbo i Sverige i 1222.[3] Ingen av fyra hanseatane reiste låg i Noreg.

Dei eldste fyra i Noreg endre

Sjå òg Fyr i Noreg

Først i 1655 blei det første fyrlyset tent i Noreg. Kong Fredrik III skreiv 18. juli 1655 ut ei formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand, privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes.

Kjeungskjær fyr i Sør-Trøndelag er eit leifyr frå 1880.
Foto: Gerd A.T. Müller

Somme reknar Færder fyr i Oslofjorden som det eldste fyret i Noreg. Det blei skipa i 1696 på øya Store Færder like nord for dagens fyr. Dette var eit privat fyr forma som ei open, smidd fyrgryte. Gryta stod også her rett på berget og fyrvaktaren etterfylte med kol og ved heile natta. På eit år blei det brent omkring 540 tønner med kol. I 1799 overtok det offentlege ansvaret for fyrdrifta, og eit tårn med stor lykt stod ferdig i 1802.

I 1841 fekk Noreg sitt eige fyrvesen (Noreg var då i union med Sverige), og det blei skilt ut som eit eige direktorat: Fyrdirektoratet. I tiåra som følgde blei det gjennomført svære byggjeprosjekt over heile landet. Fram til 1880 blei det bygd over 100 fyrstasjonar i Noreg. Fyretableringa i Nord-Noreg kom seint i gang, men utbygginga blei etter kvart pressa fram av fiskeria, hurtigruta (kom i gang i 1893) og malmtransporten (starta i 1903). Anda fyr i Øksnes kommune i Nordland var det siste fyret som blei reist i Noreg. Det blei oppretta i 1932.

Utforming av fyrtårn endre

Fyrtårnet si form, høgd og plassering blir avgjort av funksjonen det skal utføre. Høgda over havet for lysutstrålinga vil, saman med lysstyrken, avgjere rekkjevidda av lyset. Leifyr er ofte lågare enn kystfyr, dei har funksjonen sin i det nære farvatnet, medan kystfyra skal lyse langt, og er derfor høge for å kompensere for jordkrumminga. Fyret skal òg fungere som dagmerke.

Bengtskär fyr er det høgaste fyret i Norden

Sletringen fyrFrøya i Sør-Trøndelag har Noregs høgste fyrtårn. Sletringen fyr blei oppretta i 1899 og automatisert og avfolka i 1993. Tårnet er av støypejern og er 45 meter høgt. Til samanlikning er verdas høgaste fyr Yokohama Marine Tower i Japan. Fyret er ein stålkonstruksjon som ragar 106 m, det har ei kraft på 600 000 candela (1 candela = 1 stearinlys) og ei synleg rekkjevidd på 20 nautiske mil. I Norden er Bengtskär fyr, som ligg sør for Hangö i Finland høgast. Dette fyret er 52 m høgt, og blei bygd i 1906. Bengtskär fyr er også det første fyrmuseet i Finland.

På slutten av 1700-talet starta støypejernindustrien si blomstringstid, og ei skilsetjande hending i fyrhistoria skjedde i 1842, då det første store fyrtårnet i jern blei støypt og sett opp på Morant PointJamaica. I 1853 blei det første jerntårnet i Noreg oppført, på Eigerøy fyrstasjon. Fram til 1950, blei det oppført 40 fyrtårn i støypejern her til lands. Frå 1870-åra byrja også oppføring av fyrtårn i betong, noko som etter kvart fekk stor utbreiing. Fram til 1890 var alle fyrbygningane måla i ein okerfarge, seinare blei dei måla kvite. Det blei etter kvart vanleg å måle ei ca. 1 meter brei, raud stripe vertikalt på lang- eller gavlveggen for at fyret skulle synast betre som dagmerke. I 1950-åra blei det vanleg å kle fyrbygningar med asbestplater (eternitt). I dag blir ofte den gamle kledinga restaurert eller erstatta med ny kleding.

Brennstoff og lyskjelder endre

Dei eldste fyra var bålfyr, der det først blei fyrt med ved og frå 1700-talet med kol. Mellom 1802 og 1839 blei det oppført seks kolblussfyr i Noreg. Det siste som blei reist, kanskje også det siste i verda, var Villa fyr utanfor Namsos i Nord-Trøndelag, i 1839. Dette var også det første fyret nord for Trondheimsfjorden. På 1700-talet var også tranfyr i bruk, men tranen blei etter kvart erstatta med andre typar oljer som rapsolje, parafin og til slutt petroleum1870-talet. Petroleum var både monaleg billegare og gav vesentleg betre lys, og har vore nytta som brennstoff heilt fram til vår tid.

På starten av 1900-talet blei også acetylengass brukt som brensel på nokre fyr. I 1862 blei det første elektriske fyret etablert i Frankrike. I 1897 blei elektrisitet prøvd ut på Ryvingen fyr utanfor Mandal, men det blei for dyrt i drift og blei bygd om for acetylengassdrift. Hovudtyngda av omlegging til elektrisitet på norske fyr kom så seint som etter den andre verdskrigen. Dei elektriske glødelampene er no skifte ut med energisparande halogenpærer, og på fleire fyr blir desse drivne av solcellepanel, bølgjekraftgeneratorar eller vindgeneratorar. Elles kjem den elektriske krafta ofte frå det vanlege straumnettet, eller fyret har sine eigne dieselaggregat.

Linser og lyssignal endre

Storleiken på Fresnels linse blir inndelt i seks trinn frå sjette orden som det veikaste til første orden som det sterkaste.
Foto: Stephen West

For å forsterke lyset blei optiske verkemiddel nytta i form av reflekterande messingplater, spegl og glaslinser. I 1823 blei Augustin Fresnels lysbrytande glaslinse for første gong teken i bruk på Corduan fyr utanfor Bordeaux. Linsa revolusjonerte utviklinga innan fyrlys over heile verda. No blei det mogleg å samle lyset som ein komprimert strålebunt eller sende det ut som eit horisontalt lysbelte. Fyrlysa blei meir synlege over lengre avstandar, men framleis var lysa frå dei forskjellige fyra temmeleg like.

Augustin Fresnel (1788-1827) fann opp den lysbrytande glaslinsa som framleis er i bruk i fyr.

Fresnels linser blei laga i seks storleikar (brennvidder). Linsa sin storleik er delt inn i ein orden etter lysstyrke, som blir gjeven som normallys. «1. orden» er den største linsestorleiken med ei brennvidde på 92 cm, og «6. orden» er den minste med ei brennvidde på 15 cm. Ei linse av 1. orden har med andre ord ein diameter på 1,84 meter. I 1832 blei fyrlinser tekne i bruk i Noreg, første gongen på Oksøy fyr.

Lys som blei forsterka med hjelp frå linser gjorde at skjermar av farga glas i raudt og litt seinare grønt kunne takast i bruk. Fargen på lysstrålen syner i kva sektor ein ligg i forhold til fyret. Raud og grøn farge på lysstrålen gjev informasjon om at sektoren har ureint farvatn, medan kvitt lys viser sektorar for seglbart farvatn.

I 1870-åra byrja fyra å signalisere blink med hjelp frå stållamellar som enten roterer rundt ei midtlinje (von Otter systemet) eller rundt lyskjelda (ingeniør L. F. Lindbergs rotor). Det blei no enklare å fastsetje posisjonen for eit observert fyr. Forskjellige linsetypar, storleikar, linserotasjon (blinkrytmar i lyssignalet) gjorde det no òg enklare å skilje dei forskjellige fyra frå kvarandre. Lyskaraktersystemet kan delast inn i fleire kategoriar:

Nils Gustaf Dalén (1869-1937) fann opp solventilen som sløkkjer fyrlyset i dagslys. Foto: Atelier Jaeger, Stockholm
  1. Fast: Vedvarande lys av same styrke og farge.
  2. Okkulterande: Lysperioden er lengre enn mørkeperioden der lyset blir avbrote med visse mellomrom. Ofte kjem mørkeperiodane i grupper, t.d. to mørkeperiodar etter kvarandre etterfølgd av ein lengre lysperiode.
  3. Blinkande: Lysperioden er kortare enn mørkeperioden. Ein har fleire variantar av blinkande lys. Ved langblink er blinka minst to sekund eller lengre, gruppeblink er fleire blink etter kvarandre i rask rekkefølgje, hurtigblink er minst 60 blink i minuttet som går kontinuerleg, medan lys i form av avbroten hurtigblink har ein lengre mørk periode mellom blinkperiodane. I tillegg har ein rask hurtigblink (minst 120 blink i minuttet) og ultra hurtigblink (minst 240 blink i minuttet).
  4. Isofase: Lys- og mørkeperiodane er like lange.
  5. Fast med blink: Fast lys som med jamne mellomrom vert broten av eit blink med større lysstyrke.
  6. Vekslande: Vedvarande lys som skiftar farge med jamne mellomrom.

Det er viktig at fyr som ligg nær kvarandre har ulik lyskarakter, for å unngå forbyting.

I heile fyrhistoria har det vore arbeidd med å forenkle og automatisere drifta av fyra. I 1880-åra blei det utvikla brennarar som kunne brenne åtte - ti dagar utan tilsyn. I 1907 hadde Nils Gustaf Dalén konstruert solventilen, som blei teken i bruk på fyra og fekk lyset til å tenne og sløkkje automatisk. Dalén fekk seinare Nobelprisen i fysikk.

Automatisering og avbemanning endre

Frå tida då det første norske fyret blei reist i 1655, blei det etablert til saman over 200 fyrstasjonar der det arbeidde folk i Noreg. Det siste norske fyret med tilsette blei sett opp i 1932. Då den første automatiseringsplanen kom i 1975, var allereie meir enn 100 fyrstasjonar avbemanna. Dei siste tiåra har det skjedd ei dramatisk utvikling, alle installasjonar som gjev lys eller elektroniske signal er no fullstendig automatiserte, og fyrtenesta blir no driven stort sett utan mannskap. Drygt 100 av fyrstasjonane blir likevel framleis drivne som navigasjonsinstallasjonar, sjølv om dei berre blir eitt av fleire viktige navigasjonshjelpemiddel. Automatiserte fyr blir ofte erstatta med ei frittståande lykt.

På nettstaden til Noregsdokumentasjon kan ein lese eit intervju med ein fyrvaktar på Færder fyr[4]. Intervjuet er gjort på fyret av Jan Eidi 5. juni 2002 med fyrvaktar Jan Erik Hansen frå Tønsberg. Då hadde Hansen vore fyrvaktar sidan 1973. Om livet som fyrvaktar seier han:

«Turnusen på Færder var tre uker på jobb og en uke hjemme. En fyrvokter måtte forsake både mye av samværet med familien og det sosiale liv på land. Det var omtrent som å være til sjøs, men de er oftere i land. Av det positive med å jobbe på fyr er at man har god tid til å reflektere og tenke, havet gir både fred, ro og spenning i et åpent landskap. Mange synes jobben er for rolig og at man ikke får brukt seg selv og sine ressurser på en tilfredsstillende måte.»...«Det var tre mann på fyret av gangen, men bare en på vakt.»

I tillegg til vedlikehald av fyrstasjonen og tilsyn/vedlikehald av lyktene omkring hadde fyrvaktarane faste, daglege arbeidsoppgåver:

«Det er en meteorologisk stasjon på øya. Hver tredje time skal det tas værobservasjoner som sendes til Oslo. Tidligere måtte alt dette gjøres manuelt, i dag går mye automatisk, men vær, skyer, bølgehøyde, nedbørmåling og sikt må fremdeles meldes manuelt.»

Mange av fyrstasjonane i Noreg var familiestasjonar. Det vil seie at fyrvaktarane budde på fyra med familiane sine. I fyrdirektørens instruks hadde «fyrvaktaren med sin husstand» ansvar for å vakte fyret (utan at husstanden fekk noko særleg kompensasjon for arbeidet). Frå same nettstad som over kan ein lese om Færders fyrs historie:

«Etter at bebyggelsen var på plass var det fire familier som bodde på fyret. I 1920-åra var det opp til 30 mennesker som bodde der fast og de hadde egen skole på øya med klasserom oppe i tårnet. Dette varte til begynnelsen av 1950-tallet da det var bare to elever igjen. Den siste guvernanta på Færder kom fra Hamar og hadde ikke sett annet vann enn Mjøsa, så det var en stor overgang for henne da hun skulle bo midt ute på havet. Det hersket en betydelig rangorden med stor klasseforskjell i det lille samfunnet. Fyrmesteren hadde den beste bustaden og den fineste hageflekken med gjerde rundt.»

I dag er det slutt på det klassiske fyrvaktaryrket, alle fyrstasjonar i landet er avbemanna og fyrvaktarane har andre oppgåver.

Freding og vern endre

Automatiseringa og avfolkinga truar fyra med forfall. I løpet av 1900-talet har også fleire fyr blitt nedlagde og rivne, og andre har fått nye eigarar. Alternative bruksformer som er i pakt med fyra sin eigenart blir forsøkt utvikla, og fleire av dei nedlagde fyra blir tilrettelagt for ålmenta. I 1997 utvikla Riksantikvaren i samarbeid med Kystdirektoratet ein nasjonal verneplan for fyrstasjonar for å tryggje eit representativt utval av fyra for ettertida. Verneplanen går ut på freding av rundt halvparten av fyrstasjonane i Noreg (84 fyr), på bakgrunn av den kulturhistoriske verdien av fyra.

I EU-regi føregår det no eit prosjekt som går ut på å utvikle ein strategi for vern og bruk av gamle steinfyr. To fyrtårn på Utsira er med i prosjektet saman med fyr i Italia, Hellas, England og på Kypros. Formålet er å skape forståing og lokalt engasjement for utvikling av ein strategi for gamle europeiske steinfyr. Viktige element her er verneverdi og vern i harmoni med landskap og omgjevnader. Prosjektet skal også skape forståing for kor viktig fyrstasjonen var for kystkulturen. Det skal også setje fokus på ny bruk av fyra, med utgangspunkt i lokalkunnskap, interesse og idear. Prosjektet starta i 2004 og skal avsluttast i 2007.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2006 er det føreslått å etablere etatsmuseum for Kystverket, som blant anna skal profilere Kystverket si kulturhistoriske rolle. Lindesnes fyrmuseum skal ha ei koordinerande rolle i etatsmuseet, som vil vere eit nettverk av fire lokale museum. Dei tre andre musea er Tungenes fyrmuseum i Randaberg, Dalsfjord fyrmuseum i Volda og Lofotmuseet.

Bilete av fyr frå fleire land endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2006.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • Bjørkhaug, B. & S. Poulsson: Norges fyr, Grøndahl, 1986-87, 2 b. (Norske minnesmerker) ISBN 82-504-0813-6
    • Olderkjær, O.: Norske fyr: ei reise langs kysten, Samlaget 1999 (rev. utg. 2004)
    • Rode, C.F.: Norges fyrvesen: fyr-, merke- og ringevesenet gjennom 250 år, Steenske Forlag 1941

Bakgrunnsstoff endre