Diskusjon:Gunnar Stålsett

Syn på legning endre

"tilhengjar av homofile i vigsla stillingar, noko som bryt med syn". Kven sitt syn? Statskyrkja? --Bep 13. mar 2005 kl. 1653 (UTC)

Eg gløymde visst slutten av setningen ... På nb: står det "han var en tilhenger av homofile i vigslede stillinger, noe som bryter med kirkeflertallets syn". Eg endra det til at det strir mot synet til fleirtalet mellom biskopane. Eller er det ynskjeleg med ei anna formulering? --Gunnernett 13. mar 2005 kl. 1711 (UTC)

Kategori endre

angåande kategorisering: omgrepet "tidlegare biskop" eksisterer ikkje. Ein gong biskop, alltid biskop. Så vidt som eg har skjønt. Dette usignerte innlegget vart skrive av Barend (diskusjon · bidrag) 27. januar 2006 kl. 00:08 (UTC)

Jamfør Kategori:Norske statsministrar der ingen vert kasta ut om dei er aldri så avgåtte. --Eddi (Snakk) 27. januar 2006 kl. 02:28 (UTC)
Statsministrar har me berre ein om gongen av, men biskopar finst det fleire av -- men kanskje ein like gjerne kan dela kyrkjeleiarane inn i periodar om lista blir for lang, som i "biskopar frå norrøn tid", "biskopar frå 1800-talet" osb. -- Ranveig 27. januar 2006 kl. 08:32 (UTC)
Tidlegare biskopar har sin eigen tittel: biskop emeritus (sameleis tidlegare professorar: professor emeritus). Men er ein avliden bisp biskop emeritus, nei, tenk, det veit eg ikkje! (Om ikkje måtte me kategorisera avgådde og avlidne bispar i kvarsin bås) --Berre ei sleggje 27. januar 2006 kl. 12:08 (UTC)
Det er forresten litt overlapping og uklarheit mellom kategoriane norske biskopar og biskopar i den norske kyrkja trur eg... (Barend 27. januar 2006 kl. 14:10 (UTC))
Kategori:norske biskopar kan visa til alle som er eller har vore biskopar i Noreg, anten det var i den katolske kyrkja før reformasjonen, den reformerte kyrkja under dansketida og etterpå, dagens norske katolske kyrkje og kanskje andre grupper. Med andre ord litt av ein samlekategori. -- Ranveig 27. januar 2006 kl. 14:21 (UTC)
Tilbake til siden «Gunnar Stålsett».