Gunnar Stålsett

norsk biskop og politikar

Gunnar Stålsett (fødd 10. februar 1935) på Nordkapp) var biskop for Den norske kyrkja sitt bispedøme Oslo bispedøme frå 1998 til 2005. Han etterfylgde Andreas Aarflot, og vart etterfylgd av Ole Christian Kvarme.

Gunnar Stålsett

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. februar 1935 (89 år)
Nordkapp kommune
Yrke politikar, prest, teolog, deltakar i internasjonale forum
Verv Formann i Senterpartiet
Periode 1977-1979
Føregangar Dagfinn Vårvik
Etterfylgjar Ole Christian Kvarme
Verv Biskop i Oslo
Periode 1998-2005
Føregangar Andreas Aarflot
Politisk parti Senterpartiet
Medlem av International Religious Liberty Association
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Stålsett har teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1961. Han har hatt undervisingsstillingar og prestestillingar og mellom anna vore generalsekretær i Det Lutherske Verdensforbund og medlem av den norske Nobelkomiteen fram til han i 1998 vart utnemnd til biskop av Oslo. Utnemninga av Stålsett til biskop var omstridd. I løpet av embetstida vart det klart at han var ein tilhengjar av å lata homofile ha jobb i vigsla stillingar. Dette synet delte ikkje fleirtalet av dei norske biskopane. Han gjekk av som biskop den 28. februar 2005.

Stålsett har vore statssekretær i Kyrkje- og undervisingsdepartementet frå 1972 til 1973. Senterpartiet var då med i Lars Korvald si regjering. Han var partiformann i Senterpartiet frå 1977 til 1979.

I 2001 vart Stålsett tildelt Petter Dass-prisen, og i 2006 vart han tildelt St. Hallvardsmedaljen.