Diskusjon:Julesongar

Siste kommentar: for 14 år sidan av Andreasv

Kandidatartikkel Kandidatartikkel

Denne artikkelen er ein kandidat til å verta ein god artikkel på Nynorsk Wikipedia.

Du kan delta i diskusjonen om han oppfyller krava og røysta nedanfor.

Julesongar endre

Kommentarar endre

Han er god, har mykje blått og mange tilleggsartiklar. Eg veit ikkje heilt om han er klar, men nominerer han mest for å sjå kva de andre synest. Er han passeleg eller for lite omfattande? --EIRIK\diskusjon 21. desember 2008 kl. 21:10 (CET)Svar

Historia til julesongane har fleire fasar, det kjem ikkje artikkelen ordentleg godt inn på. Det er meir å seie om 1900-talets nissesongar (som denne artikkelen unøyaktig har plassert på 1800-talet). Så fullgod er han ikkje enno. Men han har ein stilig tabell, der vi sjølve kan velje sorteringsparametrar. Om vi kan greie å gjere artikkelen betre utan at han vert unødig lang, vert han knallgod. --Knut 21. desember 2008 kl. 21:49 (CET)Svar
Orsak? Kva er unøyaktig? Frå 1800-talet tok ein til å skriva sekulære julesongar i Europa, medan trenden tydelegvis nådde Noreg på 1900-talet. Eg synest også artikkelen er på god veg, men han treng songar frå fleire land. --Ranveig 23. desember 2008 kl. 13:43 (CET)Svar
Setninga om nissesongane var unøyaktig før denne endringa. Med det internasjonale perspektivet som Ranveig har, er avsnittet kanskje like unøyaktig etter endringa. - Knut 28. desember 2008 kl. 11:54 (CET)Svar
Jau, det blir litt feil. Men alle «tala» i desse avsnitta er litt forvirrande, så det er nok best om det heile blir skrive litt om. --Ranveig 28. desember 2008 kl. 12:00 (CET)Svar
Vart det betre eller verre etter mi endring? --EIRIK\diskusjon 14. januar 2009 kl. 18:31 (CET)Svar

Røysting endre

Opprydding endre

Denne artikkelen treng ei opprydding i kjelder/bakhrunnstoff. Nokre kjelder er plasserte under Fotnotar (huff), medan noko som truleg er meint som bakgrunnstoff er plassert under Kjelder. --Sigmundg 9. januar 2009 kl. 16:41 (CET)Svar

Tilbake til siden «Julesongar».