Diskusjon:Nick Drake

God artikkel endre

 
Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Nick Drake endre

Kommentarar endre

Veit ikkje om han er god nok enno, men eg får berre gjere eit forsøk. --Otzi123 22:53, 29 november 2007 (CET)

Takk for skryt! Fairport Convention heng høgt med meg også. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt at diskografien skulle ha ein eigen artikkel, men fann at ein kanskje like gjerne kunne ha det, sidan ein hadde det på Wikipedia på bokmål.--Otzi123 16:06, 30 november 2007 (CET)

Røysting endre

  •   For Ein grundig artikkel med mykje arbeid bak kvar av dei blå lenkjene. Einaste eg ikkje skjøner er kvifor diskografien skal ha eigen artikkel. --Ranveig 23:10, 29 november 2007 (CET)
  •   For Otzi har arbeida med dette prosjektet sidan mai. Det fortener i alle fall skryt! Eg syns artikkelen er god, er sjølv fan av britisk folkrock (sjølv om Fairport Convention og John Martyn, som òg Joe Boyd styrte spakane for, heng høgare hos meg) og syns slike soger om tragiske skjebner er fasinerande (Syd Barrett og Viktor Tsoj var andre). At diskografien har ein eigen artikkel syns eg eigentleg ikkje er noko problem. Han er så pass lang og listeprega at han ikkje vil gjere artikkelen om Nick Drake noko betre om han vert flytta inn der. --Frokor 00:17, 30 november 2007 (CET)
  •   For, ingen raude lenkjer og god tekst. --EIRIK\diskusjon 19:19, 30 november 2007 (CET)
  •   For -- stykkjet 18:32, 21 desember 2007 (CET)
Tilbake til siden «Nick Drake».