Nicholas Rodney Drake (19. juni 194825. november 1974), kjend som Nick Drake var ein britisk musikar og låtskrivar rekna for å ha hatt stor innverknad på folkrocken på slutten av 1900-talet.[1]

Nick Drake

Nick Drake, 1971
Fødd19. juni 1948
FødestadYangon
Død25. november 1974
DødsstadTanworth-in-Arden
FødenamnNicholas Rodney Drake
OpphavStorbritannia
Aktiv1969-1972
SjangerFolk
InstrumentVokal
Gitar
Piano
Klarinett
Saksofon
PlateselskapIsland Records
Verka somMusikar, låtskrivar
MorMolly Drake

Han skreiv og komponerte alle songane sine sjølv, ei original blanding av roleg rock og britisk folkemusikk, svært melankolsk og ofte dyster, men aldri aggressiv. I løpet av sitt korte liv gav han ut tre album, og trass i svært gode kritikkar blei ikkje nokre av albuma hans store suksessar medan han levde.

Biografi endre

Barne- og ungdomstida endre

Nick Drake blei fødd i 1948 inn i ein velståande engelsk familie som budde i den britiske kolonien Burma, der faren var tilsett som ingeniør. Familien flytta til den engelske landsbyen Tanworth-in-Arden i Warwickshire, nord i England, i 1950. Drake hadde ei søster, Gabrielle Drake, som seinare blei ein kjend tv- og filmskodespelar i Storbritannia. I ung alder vart Drake oppmuntra av mora til å spele piano.

I 1957 byrja Nick Drake på ein internatskule som ikkje låg langt vekke frå London. Fire år seinare byrja han på Marlborough College der han blei interessert i sport og i ein periode var kaptein på skulen sitt rugbylag.

Drake spelte piano i skuleorkesteret, og lærde seg også å spele klarinett og saksofon. I 1964/1965 starta han bandet «The Perfumed Gardeners» med fire skulekameratar, der han spelte piano og nokre gonger saksofon eller var vokalist. På denne tida vart Drake dårlegare på skulen fordi han prioriterte musikken føre skulearbeidet. I 1965 kjøpte Nick Drake sin første gitar.[2]

Cambridge endre

I 1966 kom Drake inn på Fitzwilliam College ved Universitetet i Cambridge, der han skulle studere engelsk litteratur. Før han byrja der bestemte han seg for å vere seks månader på Aix-Marseille-universitetet i Frankrike. Her øvde han mykje på å spele gitar, og for å tene pengar brukte han å jobbe som gatemusikant saman med vener. Det var på denne tida Drake byrja å røyke cannabis, og på våren 1967 reiste han på ferie i Marokko med vener for å røyke «særs god» cannabis.

Då han kom tilbake til England flytta han inn i søstera si leilegheit i London, før han byrja på Cambridge i oktober 1967. Der møtte han medstudenten Robert Kirby, som skulle medverke tungt på Drake sine to første album. På denne tida hadde Drake oppdaga både den britiske og amerikanske folkrocken, og han hadde blitt påverka av musikken til mellom anna Bob Dylan, Josh White og Phil Ochs. Han byrja å opptre på klubbar og kaffihus i London. I 1968 vart han oppdaga av Ashley Hutchings, eit av medlemane i folkrockgruppa Fairport Convention.[2]

Hutchings sette Drake i kontakt med Joe Boyd, eigaren av produksjonsselskapet Witchseason Productions, som var lisensert til Island Records. Joe Boyd var mannen som hadde oppdaga Fairport Convention. Boyd og Drake kom godt overeins, og Boyd var ein mentorfigur for Drake gjennom heile karrieren hans. Boyd tilbaud Drake ein kontrakt etter å berre ha høyrt litt av ein av Drake sine songar.[3] Drake var så sikker på at han no skulle få gjennombrotet sitt at han bestemte seg for å ikkje fullføre det siste året på Cambridge.

Five Leaves Left endre

Drake byrja på debutalbumet Five Leaves Left våren 1969 med Joe Boyd som produsent. Innspelinga av albumet skjedde i London, så Drake måtte ofte stå over skuletimar. Både Drake og Boyd var misnøgd med strenginstrumentist Richard Hewsons innsats, fordi dei følte at lyden var for mainstream for Drake sine songar. Derfor foreslo Drake å hente inn venen Robert Kirby. Boyd var først skeptisk til å la ein person utan noko studioerfaring få vere med, men etter å ha sett kor dyktig Kirby var blei han tilsett.

Albumet fekk middels meldingar då det kom ut, og det at Drake sjeldan lét seg intervjue og nærast aldri spelte konsertar gjorde at albumet selde dårleg. Det har derimot fått fleire gode kritikkar seinare, og kom på 283. plass då magasinet Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]

Bryter Layter endre

Drake slutta på Cambridge berre ni månader unna fullføring av studia, og hausten 1969 flytta han permanent til London for å fokusere på musikken. Faren Rodney Drake skreiv lange brev til Nick der han peikte ut ulempene ved å forlate Cambridge. Viss han heldt fram studiane sine ville han i det minste ha eit tryggingsnett, men Nick skreiv tilbake at eit tryggingsnett var den siste tingen han ville ha. I den første tida i London dreiv Drake frå plass til plass, nokre gongar sov han i leilegheita til søstera, men som oftast sov han på sofaen eller golvet til venene sine. Etter ei stund flytta han inn i si eiga leilegheit.

I august 1969 opna Drake for Fairport Convention på Royal Festival Hall i London, og hadde konsertar på folk-klubbar i Birmingham og Hull. Konsertane vart ikkje suksessar, mellom anna fordi Drake var for sjenert til å kommunisere med publikum.

Sjølv om Five Leaves Left fekk lite presseomtale og ikkje blei ein suksess var Boyd ivrig etter å lage enno eit album. Bryter Layter var ei meir jazzinspirert plate. Drake og Boyd var einige om at dei skulle bruke bass og trommerBryter Layter. Også på denne plata medverka medlemar av Fairport Convention. Folkmusikaren John Cale medverka på songane «Fly» og «Northern Sky». Cale brukte på denne tida heroin, og ein eldre ven til Drake mistenkte at han gjorde det same. Boyd var sikker på at dette albumet skulle bli ein suksess, men albumet selde mindre enn tre tusen kopiar og fekk veldig varierande kritikkar. Også dette albumet har fått strålande kritikkar i nyare tid. Det britiske musikkmagasinet Q plasserte Bryter Layter på 23. plass då dei skulle kåre dei hundre beste britiske albuma gjennom tidene.[5]

2008, og på 245. plass da Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma gjennom tidene. Stutt tid etter utgjevinga av plata selde Boyd Witchseason til Island Records og reiste til USA for å jobbe for filmselskapet Warner Brothers. Dette, kombinert med det dårlege platesalet gjorde at Drake blei svært deprimert, han var lei av å bu aleine, og på dei få konsertane han spelte virka han veldig nervøs og utilpass.

I 1971 klarte familien å tvinge han til å gå til ein psykiater som avgjorde at han skulle byrje med antidepressivar. Drake var veldig flau og prøvde å skjule at han brukte antidepressivar for venene sine.

Pink Moon endre

Island Records ville at Drake skulle promotere Bryter Layter gjennom intervju og konsertar. Drake, som ifølge Kirby røykte utrulege mengder cannabis på denne tida og viste teikn på psykose, nekta. Vinteren 1970 hadde han isolert seg i leilegheita si i London. Han var svært skuffa over at Bryter Layter heller ikkje vart ein suksess og slutta å ha kontakt med vener og familie. Dei få gongane han forlet leilegheita var det anten for å spele ein konsert eller for å kjøpe dop. I følgje søstera sa Nick til ho at det var på denne tida alt byrja å gå gale.

Sjølv om Island Records verken forventa eller ønskte eit nytt album, kontakta Drake lydteknikaren John Wood i oktober 1971 for å arbeide på det som skulle bli den siste utgjevinga hans, Pink Moon. Innspelinga av albumet skjedde med berre Drake og Wood til stades og tok to dagar.[6]

Dei elleve dystre songane på Pink Moon er korte og albumet er berre 28 minuttar langt. Ei lengd Wood skildra som «akkurat passe, ein vil verkeleg ikkje at det skal vere lenger.» I kontrast til Bryter Layter spelar Drake aleine på alle songane på Pink Moon bortsett frå ein liten piano-overdub på tittelsongen.

Da plata var ferdig, la han henne på resepsjonsbordet i lokala til Island Records, der ho låg til ho blei oppdaga seinare neste veke. Pink Moon selde enno dårlegare enn sine to forgjengarar, sjølv om ho fekk nokre gode meldingar. Nick byrja på denne tida å snakke om å slutte som artist og heller skrive songar for andre artistar eller velje ein karriere innan eit anna yrke.

Dei siste åra endre

Dei neste månadane vart Drake enno meir distansert frå dei som stod han nær. Han flytta heim til foreldra, noko han aksepterte som nødvendig grunna helsetilstanden hans. «Eg likar meg ikkje heime, men klarar meg ikkje nokon andre stader» sa han ein gong til mor si. Drake sin tilbakekomst var ofte vanskeleg for familien, som søstera hans Gabrielle forklarte slik: «Gode dagar for foreldra mine var gode dagar for Nick og dårlege dagar for foreldra mine var dårlege dagar for Nick.»[3]

Han kunne ofte vere borte i mange dagar, nokre gonger vitja han vener utan varsel. Han var vanskeleg å kommunisere med og var fjern. Robert Kirby skildra eit typisk besøk: «Han kunne sitte heilt stille utan å seie noko, høyre på musikk, ta ein drink og sove, to – tre dagar seinare var han borte, og tre månadar seinare var han tilbake igjen.»

Han kunne låne mora sin bil og berre køyre rundt i timesvis til han gjekk tom for bensin og måtte ringe heim. Utsjånaden hans hadde endra seg, håret var ustelt og neglene var lange. Tidleg i 1972 hadde Drake eit nervøst samanbrot og låg på sjukehus i fire veker.

I juli 1974 kontakta Drake John Wood og sa at han ville byrje på eit fjerde album. Boyd var tilbake i England på denne tida og blei einig i å delta på innspelinga av albumet. I sjølvbiografien sin skreiv Boyd at han blei overraska over Drake sitt sinne og bitterheit. Drake var i så dårleg form at han ikkje kunne synge og spele gitar samtidig. Returen til studio gjorde at Drake såg lysare på ting. Mor hans hugsa at familien var i ekstase fordi han var glad, det hadde ifølge henne ikkje vore noko glede i Drake på mange år.

Død endre

 
Grava til Nick Drake. På grava står det «Now we rise and we are everywhere». Teksten er frå den siste songen på det siste albumet hans

Grunna Drake si dårlege helse hadde innspelinga av det fjerde albumet hans stoppa opp og han var no berre i kontakt med sine næraste vener og familien. Han hadde prøvd å halde kontakten med Sophia Ryde, som han hadde møtt i London i 1968. Ryde er blitt skildra som det næraste Drake nokon gong hadde ein kjæraste, men ho nyttar sjølv nemninga «beste jenteven». I eit intervju i 2005 fortalte Ryde at ei veke før han døydde hadde ho sagt at ho trong litt tid for seg sjølv. Dei såg aldri kvarandre igjen.

Tidleg om morgonen måndag 25. november 1974 døydde Nick Drake 26 år gammal grunna ein overdose av amitriptylin, ein type antidepressiva. Han hadde lagt seg tidleg kvelden før etter å ha vore på besøk hos ein venn heile føremiddagen. Rundt solnedgang høyrte foreldra han gå bortover gangen mot kjøkenet, dei gjekk ut i frå at han skulle ete frukostblanding. Kort tid etterpå returnerte han til rommet sitt og tok nokre piller som skulle hjelpe han å sove. Drake hadde ofte problem med å sove så han brukte å sitte oppe heile natta og høyre på musikk, for så å sove til langt ut på morgonen. Mora brukte ikkje å forstyrre han, men klokka var tolv neste morgon og ho meinte at det var på tide å stå opp. Det første ho la merke til når ho kom inn på rommet hans var dei lange beina hans, og at han låg sidelengs i senga. Det var ingen sjølvmordsbrev der, men det blei funne eit brev skrive til Sophia Ryder. Det blei fastslått at Drake tok livet sitt, men dette har ein del familiemedlemar tvilt på. Rodney Drake skildra dødsfallet til sonen som uventa og uvanleg, han har likevel innrømt at dei gøymde aspirin og forskjellige piller for han. Søstera, Gabrielle, vil helst tru at han tok livet sitt, i staden for at han døydde på grunn av eit tragisk uhell. Den 2. desember 1974 vart Nick Drake kremert. Han ligg gravlagd under eit eiketre på kyrkjegarden til St. Magdalena-kyrkja i Tamworth-in-Arden. Det var om lag femti personar til stades då urna vart sett ned 14. januar 1975.

Etter Drake sin død endre

Det var ingen avisnotisar, dokumentarer eller samlealbum etter Drake sin død, og den offentlege profilen hans heldt fram med å vere låg. I 1975 byrja foreldra hans å få besøk av fleire tilhengarar av Drake. I 1979 ga Island Records ut alle Nick Drake sine songar frå dei tre albuma ut på eit samlealbumet Fruit Tree, som hadde dårlege salstal. På midten av 1980-talet sa mange suksessrike artistar at Nick Drake var ei inspirasjonskjelde og på slutten av tiåret blei han ofte nemnd i musikkpressa. I 1992 blei dokumentaren A stranger among us – in search of Nick Drake send på BBC2, og i 2000 blei dokumentaren A Skin Too Few: The Days Of Nick Drake gjeve ut. Avisa The Guardian kåra albumet Bryter Layter til det beste alternative albumet som nokon gong har blitt gjeve ut.[7] I 2000 brukte Volkswagen songen «Pink Moon» til ei reklame i USA, som førte til kraftig auka sal av Nick Drake sine album. Albumet Pink Moon var ei stund det femte mest selde albumet på Amazon.com. Sidan slutten av 1990-talet har Nick Drake sin musikk blitt brukt i ein rekkje hollywoodfilmar, inkludert Hideous Kinky (1998), Serendipity (2001), The Royal Tenenbaums (2001) og Garden State (2004). Dei siste åra har fleire artistar sett på Nick Drake som ei inspirasjonskjelde, inkludert Lucinda Williams, Badly Drawn Boy og Lou Barlow.

Diskografi endre

Utdjupande artikkel: Nick Drakes diskografi

Studioalbum

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. (en) «Nick Drake-biografi». Henta 29. november 2007. 
  2. 2,0 2,1 (en) «Nick Drake-kronologi». Henta 29. november 2007. 
  3. 3,0 3,1 Paphides, Peter (21. mai 2004). Like a Heart with Legs On. Western Mail. 
  4. (en) «The RS 500 Greatest Albums of All Time». 18. november 2003. Henta 14. januar 2008. 
  5. «Q - The 100 greatest British albums (june 2000)». Henta 14. januar 2008. 
  6. (en) «Exiled from Heaven». Henta 29. november 2007. 
  7. (en) «The alternative top 100». Guardian Unlimited. 29. januar 1999. Henta 29. november 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Nick Drake
  • Rasmussen, Gorm Henrik (1980). Pink Moon - Sangeren og guitaristen Nick Drake, Forlaget Hovedland.
  • Various sources (2003). Way to Blue: an Introduction to Nick Drake , Omnibus Press. ISBN 0-7119-8179-5
  • Various sources (2003). The Nick Drake Song Collection, Music Sales. ISBN 0-7119-4464-4
  • Petrusich, 33 1/3 Nick Drake's Pink Moon (2007). ISBN 978-0-8264-2790-8
  • De Angelis, Paola (2007). "Journey to the Stars - I testi di Nick Drake", Arcana Editrice, ISBN 978-88-7966-441-7