Diskusjon:Planeten Mars

Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005


Namn på planetar endre

Me bør få til ein regel for korleis artiklane om planetar skal namngjevast, synest eg. Til no har me Merkur (planet), Venus (planet), og Mars (utan "planet"). Skal namna stå åleine? Dette er kanskje det beste, ettersom dei fleste brukarane kanskje helst er ute etter stoff om planetane. Me kan òg følgja mange andre wikipediaprosjekt og bruka (planet) etterpå. Eller me kan velja "Planeten Mars" osb., som ser finare ut. Synspunkt? -- Ranveig 27. des 2004 kl. 16:12 (UTC)

Kanskje best å følgje resten av Wikipediane. Eg la ikkje merke til at du hadde forandra dei andre før eg hadde lagt inn Mars, og er ikkje sikker på korleis eg kan endre filnamnet. «Mars (planet)» er OK for meg, men kanskje bør også guden Mars heite «Mars (gud)», som eg har sett i andre wikipediar. For resten av planetane skal eg leggje til (planet). Viss eg er den første til å leggje dei inn da... --Kristian André 27. des 2004 kl. 16:43 (UTC)

Eg trur faktisk det var du som la inn planetane med "planet" i tittelen! Eg synest ikkje det at andre wikipediaer brukar ein namnekonvensjon er god nok som grunn (Dessutan gjer ikkje alle det, sjå t.d. no:Venus), me bør også tenkja ut kva som passar oss. Når det gjeld Mars har me minst tre artiklar: Mars månad, guden Mars, og planeten Mars. Dersom det finst fleire tydingar bør kanskje Mars vera ei fleirtydingsside, viss ikkje bør den viktigaste (mest brukte? Eller eldste?) tydinga liggja her med lenkje til dei andre. --Ranveig 27. des 2004 kl. 17:27 (UTC)


Dette kan godt diskuterast vidare, men akkurat nå tar eg ei avgjering og flyttar Mars til Mars (planet), så kan guden Mars få plassen sin her. Det er forresten svært lett å flytta artiklar, du treng berre å trykka på "flytt" i ein av boksane over artikkelen. -- Ranveig 29. des 2004 kl. 18:03 (UTC)

Eg er nokså sikker på at eg ikkje flytta dei andre planetane... Fint du flytta Mars, og takk for tipset om korleis eg kan flytta andre artikler. Eg er einig i det vi gjør no. --Kristian André 29. des 2004 kl. 23:57 (UTC)


Sidan det berre er Kristian André og eg som har diskutert dette fram til no, tek me gjerne imot andre sine synspunkt. Kor skal planetane ligga? Kor skal gudane dei er oppkalla etter ligga? Me bør få til eit konsekvent system på dette, de har me ikkje no.

Mitt forslag: Planeten Mars under Mars, guden under Guden Mars. -- Ranveig 15. jan 2005 kl. 22:38 (UTC)

Kva med «Planeten Mars»? Etter malen til Verdlanco? (som «Saturnmånen Titan»).
--Kristian André 16. jan 2005 kl. 02:01 (UTC)
Det er òg heilt greitt for meg. -- Ranveig 16. jan 2005 kl. 14:42 (UTC)
Det er i alle fall fint viss vi kan bruka same namnestil på alle planetar og månar. Eg likar best «Planeten X», men eg kan godta «X (planet)» eller berre «X» òg.
--Verdlanco (diskusjon) 21. jan 2005 kl. 23:46 (UTC)
Men Månen lyt nesten verta eit unntak, synest eg. Det læt ikkje så bra med Jordmånen Månen, gjer det vel?
--Verdlanco (diskusjon) 21. jan 2005 kl. 23:58 (UTC)

Framhald av denne diskusjonen finst på Wikipedia-diskusjon:Fleirtyding.
--Verdlanco\ordskifte 2. jun 2005 kl. 0955 (UTC)

Biologisk liv endre

Eg er ikkje samd med Ranveig i at artikkelen om liv bør heita Biologisk liv. Biologi er "læra om livet", so "biologisk liv" er smør på flesk. (Det finst per definisjon ikkje andre former for liv.)
Artikkelen Liv handlar i dag berre om jentenamnet Liv. Artikkelen Biologi handlar om liv i biologisk forstand. Eg synest vi kan døypa om Liv til Jentenamnet Liv, la Biologisk liv omdirigera til Biologi, og anten laga ei fleirtydingsside på Liv eller la Liv omdirigera til Jentenamnet Liv, som har ein peikar til Biologi i første linja.
Andre synspunkt?
--Verdlanco (diskusjon) 4. feb 2005 kl. 0849 (UTC)

Liv bør ikkje flyttast til Jentenamnet Liv, dersom den skal flyttast bør det vera til Liv (namn). Dette fordi det blir vansklegare å finne artikkelen i indeksen, når ein gjev artiklar slike namn blir indeksen mindre nyttig. --Guttorm 4. feb 2005 kl. 1058 (UTC)
Nei, han blir ikkje mindre nyttig av at det kjem inn alternative skrivemåtar, so lenge dei kjem i tillegg til den gamle. Tvertimot vil det auka sjansen for å finna artikkelen dersom det vert lagde inn omdirigeringar frå alternative søkjeord. Difor held eg fast ved at Liv bør flyttast til Jentenamnet Liv, so lenge det gamle namnet (Liv) ikkje vert sletta.
Når det gjeld tittelen Liv (namn), so har eg greidd ut i andre diskusjonar om kva eg synest om titlar med parentes i, so eg nøyer meg med å røysta imot framlegget.  :-)
(Det var dumt av meg å starta denne diskusjonen her, for han høyrer no slett ikkje heime på Diskusjon:Planeten Mars!)
--Verdlanco (diskusjon) 4. feb 2005 kl. 1449 (UTC)

Debatten er kopiert til Diskusjon:Liv. Ranveig 5. feb 2005 kl. 1228 (UTC)

Tilbake til siden «Planeten Mars».