Diskusjon:Pronomen

Siste kommentar: for 13 år sidan av Trondtr i emnet Genitiv av personlege pronomen

Varaord? endre

Har du noko dokumentasjon på dette? Trondtr 1. juni 2006 kl. 06:55 (UTC).

I Norsk Formlæra av Lars Eskeland (Nettversjon står det: "Vara-ordi (Pronomeni)" --Gunnernett 1. juni 2006 kl. 11:41 (UTC)
Ja, faktisk gjer det det. "Tidlegare" er likevel ikkje så bra, det er ikkje slik at "pronomen" er eit nytt uttrykk for noko som før vart kalla "vara-ord". Det er heller slik at vi har prøvd å fornorske ein latinsk namnetradisjon, og det har vi klart langt dårlegare enn danskane, som kallar det "stedord" (slå opp på. Pronomen så ser du. Eskeland sitt framlegg har ikkje slått gjennom, kanskje i og med at forlekken "vara" i seg sjølv ikkje er spesielt norsk (pro-ord hadde vore like bra). Vi bør absolutt ha med dokumentasjon om terminologi (finst det andre?), eg lagar eit framlegg. Trondtr 2. juni 2006 kl. 16:46 (UTC).

Genitiv av personlege pronomen endre

Er «min», «din» og «vår» å rekna som genitiv av personlege pronomen? Ordboka kallar desse for eigedomspronomen. --Harald Khan Ճ 3. mai 2010 kl. 20:15 (CEST)Svar

Syntaktisk oppfører dei seg som determinativar, dvs. dei modifiserer substantiv. Dei skil seg frå pronomen, som erstattar substantiv. Dessutan blir dei bøygd i genus, som determinativar blir det. Referansegrammatikken kallar dei for possessive determinativar, jf. Determinativ. Trondtr 4. mai 2010 kl. 00:48 (CEST).Svar
Men no fjerna du heile hurven; ordboka kalllar «hennar», «deira», «dykkar» osb. for genitivsformer. Eg tok òg opp dette på Diskusjon:Genitiv. --Harald Khan Ճ 4. mai 2010 kl. 09:27 (CEST)Svar
Sorry, eg såg ikkje den diskusjonen, så der var eg litt snar. Eg skal sjå på det, og svare der. Trondtr 4. mai 2010 kl. 09:47 (CEST).Svar

Resiproke pronomen endre

I artikkelen stend det at "kvarandre" er ubøyelegt, men er ikkje dette ordet eigenlegt fleirtal av kvarannan? Ordboki på http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=kvarandre&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=nynorsk&s=n&alfabet=n&renset=j ser ut som ho meiner dette, i alle fall.

Tilbake til siden «Pronomen».