Lars Eskeland

norsk skribent

Lars Eskeland (6. mars 186730. september 1942) var ein norsk forfattar og skulemann, fødd på Stord.[1]

Lars Eskeland
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1867
Stord
Død

30. september 1942 (75 år)
Bergen

Periode 1892-1940
Medlem av Norges Bondelag
Religion katolisisme
Born Sigurd Eskeland
Debut Norsk formlæra

Eskeland skreiv ei rekke ulike skrifter, både talar, innlegg i blad og aviser, og frittståande verk. Han gav ut lærebøker og fleire biografiar, mellom anna om Ole Vig og Ivar Aasen. Han har også skrive teksten til «Vossasongen». Han var også aktiv målmann, og hadde verv som formann i Voss Mållag frå det var grunnlagd i 1898 til 1905. Han var også formann i Vestlandske Mållag (1904-11) og Norsk Måldyrkingslag (1928-42).

Eskeland var ein føregangsmann for folkehøgskulerørsla, og grunnla Voss Folkehøgskule saman med Olaus Alvestad i 1895. Han var styrar av skulen i tida 1895–1927, då han måtte gå av etter at han hadde konvertert til katolisismen i 1925. Om han hadde halde fram som styrar av skulen, ville skulen ha mista statsstøtta.

Lars Eskeland var bror til skulemannen Severin Eskeland og onkel til kåsøren og forfattaren Ivar Eskeland.

Utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Helleve, Aslak T. (25. februar 2020). «Lars Eskeland». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Lars Eskeland