Diskusjon:Reling

Siste kommentar: for 12 år sidan av Stykkjet i emnet For mykje retting?

For mykje retting? endre

«Rekke» er blitt retta til «rekkje» her. Det er greitt i tittelen, der me er blitt einige om å berre bruka hovudformer, men elles kan ein bruka sideformer. Dessutan ser det ut som om «rekke» og «rekkje» vi bli jamstilte i den nye rettskrivinga (PDF-fil her). Då må me kanskje rekke opp att? --Ranveig 10. januar 2012 kl. 13:44 (CET)Svar

Å bruke «rekkje» og «rekke» i same tekst er ein grov feil. Det er rett og slett ikkje høve til det i offisiell rettskriving, og på Wikipedia bruker vi offisiell rettskriving. Det hjelper ikkje om den eine forma blir brukt i overskrifta og den andre forma i resten av teksta, det er like feil. Konsekvens innanfor same tekst er eit grunnleggjande prinsipp i alle språk, og Nynorsk Wikipedia kan ikkje vere den einaste staden i verda der ein gir blaffen i dette.
Den nye rettskrivinga er ikkje relevant førebels, men dersom «rekkje» framleis kjem til å vere korrekt, vil det jo ikkje vere nokon grunn til å «rekke opp att». Nynorsk 10. januar 2012 kl. 16:09 (CET)Svar
Kor er diskusjonen eller retningslinja som seier at det er hovudforma som skal fylgjast for artikkeltitlar? At det må vere sånn for kategoriar er si sak, men sidetitlar kan omdirigerast, og det bør løyse opp stivheita på det punktet.
At det skal leggjast vinn på konsekvent målføring teksten gjennom, medrekna sidetittelen, er ikkje vanskeleg å vere samd i. --178.232.243.15 10. januar 2012 kl. 17:46 (CET)Svar
Det er ein gammal diskusjon som kunne takast opp att, men sidan nynorsk vil slutta å ha sideformer med den nye rettskrivinga, er det i grunnen ikkje så viktig. Elles var, etter det eg kunne sjå, «rekke» brukt heilt konsekvent i teksten til han blei endra i dag. --Ranveig 10. januar 2012 kl. 17:54 (CET)Svar
Kanskje ville det ryddigaste vere å endre retningslinja av den grunn? Eg fann at det står her: Wikipedia:Retningsliner for nynorsk målføring
Når retningslinja seier at artikkelen skal liggje på hovudforma er det rett å flytte frå rekke til rekkje. Og når tittelen er endra må resten endrast også, for å få konsekvent målføring. --178.232.243.15 10. januar 2012 kl. 18:30 (CET)Svar
Eg er ueinig i ei slik innskrenking av sideformbruken, men leter gjerne diskusjonen ligga til august. --Ranveig 10. januar 2012 kl. 18:39 (CET)Svar

Kvar artikkelen ligg er uavhengig av kvar form som vert nytta i sjølve teksten. Eg er samd i at det ser rart ut, men minder nokon tek ordskiftet og det kjem til semja, so vil denne prakisen halda fram til den nye rettskrivinga gjeld og ordninga med sideformer fell bort. Njardarlogar 10. januar 2012 kl. 19:38 (CET)Svar

Ei overskrift er alltid ein del av teksta. Ein kan ikkje snakke om «sjølve teksten» som noko som ikkje inkluderer overskrifta. Det er ingenting ved Wikipedia-overskrifter som kan grunngi at dei skal behandlast annleis enn andre overskrifter. Å bruke «rekkje» i ei overskrift og «rekke» i resten av teksta er strengt forbodi i offisiell rettskriving.
Det heile koker dimed ned til om vi skal følgje offisiell rettskriving eller ikkje. Nynorsk 11. januar 2012 kl. 05:06 (CET)Svar
Kva som er ei overskrift og kva som ikkje er det, er eit definisjonsspørsmål. Her på Wikipedia reknar me dette meir som ein sidetittel og ein indikator på kvar artikkelen er plassert enn ei overskrift. Den einaste måten ein kan brigda den øvste skrifta på, er å flytta artikkelen. Det er soleis inga vanleg overskrift; dei finn me nettopp inne i sjølve artikkelteksten. Njardarlogar 11. januar 2012 kl. 12:30 (CET)Svar
At det tekniske gjer av sidetittelen også er oppslagsforma endrar ikkje at sidetittelen er ein del av sjølve artikkelen, ein prominent del. Tittelen gjev ei forventing om kva som skal kome i artikkelen. Det gjev eit rotete og forvirra inntrykk når det er brukt ei form i tittelen og ei anna i artikkelteksten.
Når ein seier at artiklar skal liggje på hovudforma, og at språkføringa skal vere konsekvent, legg ein også føringar for språkføringa i artikkelen. Det gjev det resultatet at sideforma «rekke» kan brukast i alle andre artikkeltekstar enn dei som må heite noko med «rekkje». Då er det kanskje noko gale med retningslinja. Ho må endrast om nokre månader, fordi ho talar om hovudformer og sideformer, noko som då vil vere forelda. Denne retningslinja verkar vere skriven på eit tidspunkt då ein tillèt større valfridom i språkføringa her, i den fyrste utgåva heiter det «Nynorsk wikipedia er open for alle typar nynorsk, både dei som er godkjende av Språkrådet og dei som ikkje er det.» Då var det kanskje større grunn til å vere restriktiv med kva artikkeltitlar ein kunne tillate. --46.15.189.165 11. januar 2012 kl. 14:26 (CET)Svar
Dette er eg ikkje samd i. Den øvste skrifta er ikkje ein normal del av artikkelteksten, og ein skal ikkje lesa so mange artiklar før ein gjer seg opp ei slik meining. Sjå berre øvst på sida her: kva står det? Jau, «Diskusjon:Rekkje»; ei reint teknisk formulering. Fyrsteleden syner til kva namnerom me er i, det andre kva artikkelen heiter. Sameleis er det med «Rekkje» som står over artikklane. Det er ikkje ei normal overskrift, og tarv ikkje verta handsama slik heller. Sameleis er det med artiklar der namna er fleirtydige, slik som ved planeten Venus. Ein kunne laga programvara slik at ein lett kunne velja den øvste teksten til å vera det ein ville («Venus» i dette tilfellet), men det er gjerne det er slik av ein grunn. I dei gamle (og framleis gjeldande) retningslinene la ein då vekt på kvar artikklane låg; dei skulle liggja på hovudformer.
Eg er ikkje utan vidare samd med retningslinene som gjeld sideformer, men det er ei onnor sak. Slik som ting er no, vil dei gjelda fram til 1. august i år. Er ein usamd i dette, tek ein det opp på WP:Samfunnshuset. Njardarlogar 11. januar 2012 kl. 19:35 (CET)Svar
Tekniske forhold er ikkje og har aldri vori relevante i rettskrivingsspørsmål, så dei må vi sjå bort frå. Det einaste som er relevant for ei vurdering av rettskrivinga i ei tekst, er teksta slik ho tek seg ut for lesaren. Og det er jo ingen tvil om at det lesaren ser, er ei heilt vanleg overskrift etterfølgd av resten av teksta. Det er ikkje noko argument at ein ikkje har meint det som ei overskrift, for det er blitt det likevel, og så er ein nøydd til å ta omsyn til denne uønskte biverknaden.
Dersom retningslinjene inneber at «artiklar skal liggje på hovudforma, og at språkføringa skal vere konsekvent», er det ingen grunn til å endre dei. Artikkeloverskrifter på Wikipedia er heilt vanlege overskrifter (i tillegg til det andre dei er), og dimed kan ein ikkje få konsekvent språkføring utan at ein bruker same form i overskrifta som i resten av teksta. Nynorsk 12. januar 2012 kl. 06:42 (CET)Svar
Det eg freistar seia, er at dette er meir enn noko reint teknisk. Dette ordskiftet er meir meiningslaus flisespikking enn noko anna. Njardarlogar 12. januar 2012 kl. 20:40 (CET)Svar
So kjem det ofte til å låte når argumenta ikkje rekk. --89.9.119.113 12. januar 2012 kl. 22:26 (CET)Svar

Det er og har vore fast politikk på nynorsk wikipedia at hovudformer skal brukast i artikkelnamn og sideformer i tillegg kan bli nytta i teksten. Dette har gått bra i alle år, med stor einigheit blant brukarane. Nå har denne diskusjonen utarta seg til ein redigeringskrig, noe som ikkje er vanleg på denne wikipediaen. Eg kjem difor til å rulle attende til forma den opprinnelege artikkelforfattaren har bruka, og låse artikkelen. Så kan vi sjå på han på nytt til hausten. --KRISTAGAα-ω 13. januar 2012 kl. 10:07 (CET)Svar

NB! Viss noen vil ta denne diskusjonen vidare hører han heime på WP:Samfunnshuset av di at det blir ein prinsipiell diskusjon. Så fortsett der. --KRISTAGAα-ω 13. januar 2012 kl. 10:11 (CET)Svar
Det har ikkje vori nokon redigeringskrig. Etter at Ranveig bestemte seg for å ikkje ta diskusjonen, var det tre brukarar som diskuterte saka grundig. Den einaste som ville ha «rekke», var Njardarlogar, så etter at han trekte seg ut av diskusjonen, tok diskusjonen slutt. Fasit var då at to av dei tre som hadde diskutert saka, meinte at dei nogjeldande retningslinjene innebar at ein måtte bruke «rekkje».
Så kom Andreasv og endra «rekkje» attende til «rekke». Det hadde diskusjonen ikkje gitt grunnlag for, så eg rulla endringa hans attende (og det var heile «redigeringskrigen»). Eg meinte at dersom Andreasv var usamd i fleirtalet si tolking av retningslinjene, fekk han ta det opp på diskusjonssida.
Det har heile tida vori full semje om at ein kan bruke sideformer, diskusjonen dreiar seg ikkje om dét. Problemet er at ein òg skal ha konsekvent språkføring. Fleirtalet i diskusjonen meinte at summen av desse to prinsippa blir at ein kan bruke sideformer så lenge språkføringa er konsekvent. Vi ønskjer ikkje å endre retningslinjene, men å følgje dei.
Eg legg elles merke til at du rulla attende før du låste artikkelen. På den engelskspråklege Wikipedia-utgåva er regelen at ein låser artikkelen på den versjonen ein finn når ein kjem for å låse. Ein sørgjer ikkje for at artikkelen er slik ein vil ha han, før ein låser. Det ville vere mykje ryddigare om ein følgde dette prinsippet på Nynorsk Wikipedia òg. Nynorsk 13. januar 2012 kl. 14:51 (CET)Svar
Retningslina om hovuformer har aldri vore tolka slik at ein lyt nytta hovudforma av oppslagsordet inne i sjølve artikkelen. Difor lyt ein taka det opp på Samfunnshuset om ein er usamd i denne tolkinga, sidan ho har vore ganske synonym med retningslina. Difor er det òg rett å låsa artikkelen slik sidan artikkelen fylgjer den gjeldande [tolkinga av] retningslina. Njardarlogar 19. januar 2012 kl. 12:25 (CET)Svar

Denen diskusjonen blir litt kunstig, i og med at temaet blir borte i august. Men eg meiner at overskrifta må følgje hovudnorma. Det følgjer av dette at ord som blir brukt i overskrifta må følgje hovudnorma gjennom heile artikkelen. Alle andre ord kan godt vere i ei sidenorm. stykkjet 16. februar 2012 kl. 11:25 (CET)Svar

Tilbake til siden «Reling».