Diskusjon:Roald Jensen

Siste kommentar: for 5 år sidan av Trondtr

Kandidatartikkel Kandidatartikkel

Denne artikkelen er ein kandidat til å verta ein god artikkel på Nynorsk Wikipedia.

Du kan delta i diskusjonen om han oppfyller krava og røysta nedanfor.

Kommentarar

endre

Har ikkje lese gjennom denne artikkelen før! Han har lege her nokon år, men han har godt språk, fyldige kjelder, held seg til saka og er interessant å lesa. Det einaste han manglar er bilete. Eg meiner difor at dette er ein god artikkkel.

Moro! Eg skreiv i utgangspunktet denne artikkelen på engelsk wikipedia og når eg var sånn nokolunde nøgd vart den omsatt til nynorsk. Eg har leita etter bilete, men dette har vore resultatlaust. Dette er nok ein periode der det er svært vanskeleg å finna frie bilete til, men om nokon klarer det ville det vore veldig kjekt. Avsnittet om tida i Hearts kunne og vore meir fyldig. Her er dei norske kjeldene dessverre tynne, og eg har ikkje fått tilgang på sjølvbiografien. Rettetast 3. juli 2011 kl. 15:02 (CEST)Svar
Ja, dette er ein velskriven artikkel (eg syntest han var spanande sjølv om eg ikkje er særleg interessert i fotball). Passe lang er han òg. Men dei raude lenkjene skjemmer litt, me burde kanskje få på plass nokre av dei først? --Ranveig 7. juli 2011 kl. 23:10 (CEST)Svar
Dét er ein god idé. HallvardLid 4. august 2011 kl. 12:33 (CEST)Svar

Røysting

endre

Mogleg framsideartikkel

endre

Dette kunne vore ein framsideartikkel om me hadde eit bilde. Kanskje av Kniksens plass? --Ranveig (diskusjon) 23. juni 2017 kl. 15:53 (CEST)Svar

Tilbake til siden «Roald Jensen».