Diskusjon:Sigøynarar

Jeg har lekse om sigøynere .. å vet nesten ingenting om dei.. hva kan jeg skrive om dei? -- 85.167.73.194 14. nov. 2005 kl. 18:10 (UTC)

Om du kan godt engelsk, så kan vi anbefala å lesa meir på http://www.geocities.com/Paris/5121/ . -- Olve 14. nov. 2005 kl. 18:41 (UTC)
Kva med å opprette ein stad her, der vi henviser til artiklar her på Wikipedia eller sider på verdsveven? --EIRIK\diskusjon 14. nov. 2005 kl. 18:48 (UTC)
Det kan vi i og for seg gjera. Eg trur det beste er at vi arbeider på sjølve artikkelen, inkludert eksterne lenkjer. Ein del av grunnen til at eg ikkje har gjort meir med denne artikkelen er at eg ikkje er sikker på kva vi bør gjera med namnet. «Sigøynarar» er eit ord som tildels blir oppfatta som noko diskriminerande. «Roma» er ordet som helst blir bruka internt, men dét kræsjar jo med byen Roma i Italia. Vi kunne kanskje ha artikkelen på romafolk eller romfolk. Så har vi òg problemet med at sintiane i og for seg òg er sigøynarar. Hmmmmm...... :] Olve 14. nov. 2005 kl. 19:00 (UTC)
Einig i at det er eit problem me må løysa slik at artikkelen kan utvidast. Slik eg forstår det er sigøynarar det mest brukte omgrepet om roma- og sintifolk? Viss det finst eit alternativ kan me jo bruka det, men viss ikkje synest eg me kan ha ei innleiande side om sigøynarar her, med klart merkte peikarar til ulike grupper. -- Ranveig 14. nov. 2005 kl. 20:02 (UTC)
Tilbake til siden «Sigøynarar».