Diskusjon:Skomakar, sit med din lest

Siste kommentar: for 5 år sidan av Ranveig

Det er nok delte meiningar om bruken av ord som verta/verte og bli

Sjølv meiner eg «verte» utan adverbielt tillegg høver best når det er snakk om ei endring (snikkaren vert skomakar), mens vi «blir verande» nynorskordboka bli. Eg tok eit googlesøk på "skomakar bli ved din" kontra "skomakar vert ved din", og den første strengen fekk mange treff, mens den siste strengen berre fekk treff på wikipedia. Det er eitt argument for å skrive «Skomakar bli ved din leist/lest». --Knut (diskusjon) 29. oktober 2018 kl. 09:45 (CET)Svar

Ivar Aasen har ei formulering i si samling Norske Ordsprog, og han bør vel reknast som ein autoritet. --Ranveig (diskusjon) 29. oktober 2018 kl. 14:38 (CET)Svar
Absolutt. Eg forsøkte å finne skomakaren hos Aasen, men eg leitte tydeleglegvis ikkje godt nok. --Knut (diskusjon) 30. oktober 2018 kl. 13:48 (CET)Svar
Av ein eller grunn var det vanskeleg å søka seg fram til i den opphavlege teksten. Eg fekk heldigivs litt hjelp av Gullvekta. --Ranveig (diskusjon) 31. oktober 2018 kl. 12:33 (CET)Svar
Tilbake til siden «Skomakar, sit med din lest».