Norske Ordsprog er ei ordspråksamling av Ivar Aasen, utgjeven 1856.

Visdommen kan ein dylja, men Daarskapen ikkje.

Norsk ordtak, etter Ivar Aasen: Norske Ordsprog

Ordspråka hadde Ivar Aasen samla på ferdene sine rundt om i landet. Norske Ordsprog er det største folkeminnearbeidet Aasen gav ut. Med Norske Ordsprog ville Aasen dra fram visdomen i folkedjupet for å auka vørdnaden for allmugen. Boka held eit høgt fagleg nivå, og ho har vore ei populært oppslagsverk både for amatørar og folkeminnegranskarar.

Ordtaka er i 1881-utgåva sorterte etter nøkkelord, frå A: («Den som segjer A, fær og segja B») til Øyra «Ein lyt stundom spyrka Øyrom meir enn Augom» - med det ordtaket forstår Aasen at ein ofte må akte meir på kva kjende folk seier, enn det ein umiddelbart kan sjå. Vidare er det ein bolk med ordtak om årstider og dagar, før boka held fram med munnhell eller talemåtar. Ordtaka er gjevne att på landsmål, men forklaringane og fortalen er skrivne på dansk.

Utgåver endre

Fyrsteutgåva kom i 1856. I 1881 gav Aasen ut ei omarbeidd og meir folkeleg innretta utgåve. Denne utgåva låg til grunn for ei ny utgåve i 1983, opptrykk 1989 (ved Johannes Gjerdåker, Vestanbok Forlag), og 4. utgåve i 2003 med tittelen Norske ordtak (ved Johannes Gjerdåker og Gudmund Harildstad, Vigmostad & Bjørke).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Norske OrdsprogWikikilden (frie originaltekstar)