Diskusjon:Stavangersk

"Ei jenta - jentå - fleire jenter - alle jentene" - her trur er det er vanlegare å seia "jentår" i ubestemt form fleirtal.

Eg har også høyrd at u-ljoden har tradisjonelt sett berre kunna vera lang (bussen -> byssen/bossen), men dette har eg ingen kjelder på til å bekrefta. Raudrev 10:10, 8 mars 2007 (CET)

«Jentår» er typisk stavangersk, ja, men eg veit ikkje om alle seier det. Me bør kanskje bruka lydskrift [jentor].
Uttalen byss/boss trur eg er typisk «pen» eller «Egenes»-uttale. Ein finn eit døme i songen «Sjynt å kjøra buss» (tittelen er feilstava, spør du meg). Det hadde sjølvsagt vore fint med endå klarare og skriftlegare kjelder. --Ranveig 16:59, 8 mars 2007 (CET)
Tilbake til siden «Stavangersk».