Diskusjon:Syndsvedkjenning

Siste kommentar: for 15 år sidan av Bep i emnet Synds- eller synde-?

Død lenke endre

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 03:23 (CEST)Svar


Eg fjerner lenkja. --Knut 9. desember 2008 kl. 16:09 (CET)Svar

Synds- eller synde-? endre

Heiter det syndsvedkjenning eller syndevedkjenning?

  • I liturgiene Den norske kyrkja har på nett heiter det syndsvedkjenning: [1]
  • I den nye liturgien som er til høyring bruker dei begge formene, men desse tekstane har ikkje vore til høyring, og språket er så svakt at det ikkje er noko å dra lærdom av.
  • I nynorskordboka heiter det syndsvedkjenning: [2]

Så denne flyttinga var kanskje overilt? - Knut 9. desember 2008 kl. 16:09 (CET)Svar

Ja, den var kanskje det. Eg meiner eg gjorde både eit ordboksøk (utan treff, der må eg ha gjort noko feil. No er det ikkje eit oppslagsord.) og eit googlesøk (der eg fekk litt blanda resultat), så eg stolte på mi eiga språkkjensle. Eg meiner framleis at det rette er "syndevedkjenning", eller kanskje endå rettare syndvedkjenning. --Bep 9. desember 2008 kl. 16:29 (CET)Svar
Eg har aldri før sett ordet "Syndevedkjenning"... Gå for "Synds...", er mitt tips. 3s 9. desember 2008 kl. 16:31 (CET)Svar
Det viktigaste er at vi får syndsvedkjenning, og eg kan vere samd i at språkjensle talar for syndvedkjenning. Men vi må skrive ordet slik det er bruka i liturgisk samanheng. 3s - har du tilgang til ei Gudstenestebok? --Knut 9. desember 2008 kl. 17:03 (CET)Svar
Det har eg, men det er vel like greit å sjå på det Dnk seier på nettsidene sine. Der står det "syndsvedkjenning". Når eg kjem heim, skal eg sjå i den nye liturgien som ein har no. Reknar med det står det same der og. MVH 3s 9. desember 2008 kl. 18:58 (CET)Svar
Sjå i den nynorske versjonen. --Bep 9. desember 2008 kl. 19:00 (CET)Svar
Lenka over er til nynorsk. Ikkje? Eller meiner du i den nye liturgien? 3s 9. desember 2008 kl. 19:02 (CET)Svar
Han meiner vel den gjeldande nynorskboka? Boka er meir autorativ enn ei nettside. På nettsida slepp dei gjennom formuleringar som «Liturgien for Den norske kyrkjas høgmesse» og «Kyrkjelyden fremsier syndsvedkjenninga». Liturgien som er til høyring, skriv «syndsvedkjenning» her, men «Syndevedkjenning og forbøn er frigjerande handlingar. Vi tek imot Guds tilgiving og blir frigjorde til......» her. -Knut 9. desember 2008 kl. 19:20 (CET)Svar
Ja, beklagar, eg var litt kort der. Som Knut seier, autoriteten her er kva prestane i den norske kyrkja brukar i dag. --Bep 9. desember 2008 kl. 19:28 (CET)Svar
I dette komplette høyringsnotatet er syndevedkjenning brukt konsekvent. --Bep 9. desember 2008 kl. 19:33 (CET)Svar
Men merk at kyrkjerådet «beklager nynorskoversettelse». - Knut 9. desember 2008 kl. 19:44 (CET)Svar
Interessant. Kan me då stole på noko språkleg frå den norske kyrkja? I dette fallet er vel konklusjonen at det uttrykket som blir brukt i dagens Gudstenestebok er fasit. Eg har for øvrig gjort denne språkendringa for nnwiki globalt, så det er eit titals stader som i så fall må rullast attende, men det skal eg ta meg av. --Bep 9. desember 2008 kl. 20:40 (CET)Svar
Eg har vist berre gudstenesteboka på bokmål her, men eg har funne nokre gamle liturgiar eg har brukt, og alle dei har syndsvedkjenning i seg. 3s 9. desember 2008 kl. 23:00 (CET)Svar
No har eg gudstenesteboka på nynorsk her. På s.27 i Gudstenestebok for Den norske kyrkja, bind ein står det overskrifta "Syndsvedkjenning". MVH 3s 10. desember 2008 kl. 21:36 (CET)Svar
OK, då går vi for den. Eg flyttar. --Bep 10. desember 2008 kl. 21:41 (CET)Svar
Tilbake til siden «Syndsvedkjenning».