Diskusjon:Teymur Rəcəbov

Siste kommentar: for 14 år sidan av Eirik

Skrivemåten Teymur Rəcəbov, som ikkje er den vanlege, engelske: Teimour Radjabov, har samanheng med at aserbajdsjansk skrivst med det latinske alfabetet, etter at Aserbajdsjan reiv seg laus frå Sovjetunionen. Den engelske skrivemåten har nok samanheng med transkripsjon frå kyrillisk stavemåte. --Egil Arne 12. november 2009 kl. 19:02 (CET)Svar

Spørsmålet er berre om «ə»-en kan seiast å vere ein del av det latinske alfabetet – «derived from the latin alphabet» seier Wikipedia på engelsk … --EIRIK\diskusjon 12. november 2009 kl. 19:12 (CET)Svar
Det kan ein vel spørje om æ, ø og å også? Sjå f eks en:Leif Øgaard :)
Eg har før skrive om Tõnu Õim, Friðrik Ólafsson og Péter Lékó, og finst namnet i ein offisiell versjon på personen sitt eige språk, skrive med latinske bokstavar, så meiner eg det skal skrivast slik. Sjølv om dette kan verke framandarta, og namnet dessutan kan vere vel så kjent med andre skrivemåtar. Det gjeld for alle dei tre ovanfor nemnde, som regelmessig må finne seg i å bli kalla Tonu Oim, Fridrik Olafsson og Peter Leko. Og en:Leif Ogaard. Forklaringar og omdirigeringssider ordnar det som måtte vere av problem. --Egil Arne 12. november 2009 kl. 21:48 (CET)Svar
OK, det er vel berre eg som – som du seier – synest det ser framandt ut. --EIRIK\diskusjon 12. november 2009 kl. 21:58 (CET)Svar
Tilbake til siden «Teymur Rəcəbov».