Friðrik Ólafsson

(Omdirigert frå Fridrik Olafsson)

Friðrik Ólafsson (fødd 26. januar 1935) i Reykjavík er ein islandsk stormeister i sjakk og tidlegare president i Verdssjakkforbundet FIDE.

Stormeister Fridrik Olafsson

Han vann den islandske meisterskapen allereie som 17-åring i 1952, og Nordisk meisterskap i sjakk året etterpå, og stod deretter fram som den klart sterkaste islandske sjakkspelaren på den tida. Friðrik sitt første sterke internasjonale resultat var ein delt førsteplass med Viktor Korchnoi i Hastings 1955-56. Fridrik Olafsson vart Stormeister i 1958.

Friðrik sitt beste resultat i kvalifiseringa til Verdsmeisterskapen i sjakk var i intersoneturneringa i Portorož i 1958, der han klarte ein delt 5-6-plass og kvalifiserte seg til Kandidatturneringa - siste steg før ein eventuell VM-kamp. I kandidatturneringa i 1959 vart han nummer 7 av 8 deltakarar, med 10 poeng av 28 moglege.

Han spelte også i den påfølgjande Intersoneturneringa i Stockholm i 1962, men utan å kvalifisere seg for kandidatturneringa.

Blant dei beste turneringsresultata hans må reknast delt tredjeplass i den sterke Piatigorsky Cup, Los Angeles 1963 med 7,5/14 og delt førsteplass med Ljubomir Ljubojević i Wijk aan Zee 1976, framom Mikhail Tal.

I 1978 etterfølgde han Max Euwe som president i Verdssjakkforbundet FIDE. I 1982 vart Florencio Campomanes ny president i FIDE. Fridrik Olafsson vart deretter sekretær for det islandske Alltinget.

Friðrik har halde fram med å spele sjakk frå tid til anna. I 2003 vann han ein tvekamp i hurtigsjakk mot den store danske veteranen Bent Larsen med 5-3.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre