Diskusjon:Tropisk geometri

Kvifor har me denne artikkelen igjen? Han bør i alle fall ikkje ligge under matematikk, ikkje geometri heller. Økonomi kanskje, om det i det heile tatt er verdt å ha denne artikkelen. Og eg tvilar veldig sterkt på at dette kjem til å prege forsking av noko slag. --Frokor 13:37, 5 februar 2008 (CET)

Eg veit ikkje om det er rett av meg og ta del i diskusjonar her inne allereie, men eg prøvar meg; Ein professor ved UiS har sagt at dette vil prege forsking i dei komande åra, men forskarar seier jo så mykje. Eg har aldri høyrt om dette emnet tidlegare, men det kan jo sjølvsagt tenkjast at brukaren som har skrive artikkelen har eit svar på kvifor denne skal stå her. --Fredrik 13:47, 5 februar 2008 (CET)

Det kan så vere, men det er uansett påstandar som krev kjelder. --Frokor 14:13, 5 februar 2008 (CET)
Eg går for sletting, inntil det kjem fagleg solide kjelder. --Ekko 14:22, 5 februar 2008 (CET)

No er vel strengt tatt ei av landets største nettaviser ein solid kjelde, eller? --Cato 14:26, 5 februar 2008 (CET)

På avansert matematikk? Ikkje i det heile teke! Me kan nytte matematiske eller naturvitskaplege publikasjonar, ikkje ein ukjent «journalist» (Birthe Finstad har skrivi to artiklar for nettstaden og har vore «medlem» sidan 17. januar i år. Ho opererar med ei hotmail-adresse.) Me veit ingen ting om kvaliteten på denne artikkelen, som uansett ikkje seier mykje. --Ekko 14:32, 5 februar 2008 (CET)
No er vel strengt tatt ikkje journalistar kjende for å ha solid greia på vitskap. Så svaret mitt på spørsmålet til Cato må nok verta nei. Og så lenge artikkelen ikkje byggjer på vitskaplege tekstar og heller ikkje seier noko om kva denne teorien går ut på, så er artikkelen etter mi meining verdilaus. I tillegg er han bygd på original forsking som ikkje eingong er utgjeven, nemleg ei doktorgradsavhendling som skal koma. Og original forsking har me eit mål om å unngå på Wikipedia. --Tannkrem 14:34, 5 februar 2008 (CET)

No trur eg de forhastar dokke litt, eg har lese mykje seriøst om tropisk geometri både på internett og i tidsskrift. Eg legg eit par kjelder inn i artikkelen eg. --Fotball 14:45, 5 februar 2008 (CET)

Eg skal innrømme eg aldri har høyrt om temaet før, men slik artikkelen var, utan ei einaste kjelde, høyrdes det ut som fjas. Det kan sikkert verte ein ganske så bra og interessant artikkel, men det er han langt frå no. Disputas om emnet. forsking.no forklarar ein del meir og i tillegg har ein tilsvarande artikkel på engelsk wikipedia som har ein del bakgrunnsstoff. --Frokor 14:47, 5 februar 2008 (CET)
Forskning.no er heller ikkje, etter mi meining, ei god kjelda for vitskaplege fakta. Journalistane har ikkje forskarbakgrunn der heller. Viss emnet er godt kjent og det finst vitskaplege verk om det, så får dei som veit noko om det lesa kjeldene sine, redigera artikkelen slik at han vert ein leksikonartikkel og ikkje ein nyhendeartikkel, og referera kjeldene i botnen av artikkelen. Viss det ikkje er nokon som orkar å setja seg skikkeleg inn i kva tropisk geometri går ut på, anna enn å lesa nyhendestoff på nettet, så kan bør me sletta artikkelen. Ein leksikonartikkel bør handla om det som er vitskapleg haldbart, ikkje om synsing og journalistiske utrop. --Tannkrem 15:06, 5 februar 2008 (CET)
Eg held på å skriva noko om, med utgangspunkt i den engelske utgåva. --Frokor 15:09, 5 februar 2008 (CET)

Med rom for forvirring

endre

Eg har rett nok ikkje mykje peiling på tropisk geometri, men det må da vere eit problem at "x(+)y=max{x,y} eller x(+)y=min{x,y}, alt etter kva kjelder ein les." Eg tykkjer ein i det minste bør sette "max" eller "min" under (+) for å unngå forvirring. Alternativt kan ein definere x(+)y=max{x,y} og x(-)y=min{x,y}. Eg veit dette vil bryte litt med reglane for vanleg rekning, men det vil likevel vere ein logikk i det. Det vil uansett alltid vere våre definisjonar, så om vi definerer at x(-)y=min{x,y}, så vil det vere slik. Sjølv om vanleg subtrahering er avhengig av kva for tal som står før og etter.
Uansett kor dumt du synes innspelet mitt er, så trengjer artikkelen ein mykje betre forklaring på kvifor x(-)y berre er tull.

Tilbake til siden «Tropisk geometri».