Diskusjon:Wikibooks

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 12. april 2006 kl. 12:49 (UTC)

Kunngjersle: Wikibooks-prosjekt Eldre Verdshistorie endre

Eg har byrja eit prosjekt på no.wikibooks.org, der målet er å lage ei historiebok for VK1-almenne fag (Eldre verdshistorie).

Bakgrunnen for prosjektet er at vi, etter stortingsvalet, har eit stortingsfleirtal av parti med ungdomsorganisasjonar som krev gratis skulebøker. Her har wiki-samfunnet ein stor fordel. Tanken er at ein skal hente stoff frå forskjellige wikipediar, og samle det i ei lærebok.

Eg har sett opp eit til dels grundig framlegg til innhaldsliste, inspirert av boka "Verda 1" (ISBN: 82-02-16102-9), og har byrja arbeidet med kapittel 3, som handlar om Antikken. Eg skriv på nynorsk i det kapittelet, men for at boka skal godkjennast av Læremiddelsentralen lyt den finnast på både bokmål og nynorsk.

Den her meldinga vert publisert her og på bokmål-wikipediaen, for at wikipedantar skal få sjansen til å bidra i prosjektet.

Lenkje til prosjektet: Eldre verdshistorie
PS: Bokmålsversjonen er ikkje oppretta endå.

Takk for merksemda!
Mellombels prosjekt-koordinator:
kurtber 7. okt 2005 kl.15:56 (UTC)

Slutt på tekst flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 12. april 2006 kl. 12:49 (UTC)

Tilbake til siden «Wikibooks».