Distriktet Horn er eit administrativt distrikt (Bezirk) i forbundslandet Niederösterreich i Austerrike. Distriktet dekker ei flatevidd på 784 km², med 31 000 ibuarar (2018). Byen Horn er administrasjonssenter for distriktet. I nord grensar distriktet mot Morava i Tsjekkia.

Distriktet (gult) si plassering i Niederösterreich
Landsbyen Drosendorf ligg lengst nord i distriktet
Byen Horn ligg sentralt i distriktet

Kommuneskipnaden

endre

Distriktet omfattar 20 kommunar, av dei 4 bykommunar og 10 såkalla 'Marktgemeide'.

  • Altenburg
  • Brunn an der Wild
  • Burgschleinitz-Kühnring
  • Drosendorf-Zissersdorf
  • Eggenburg
  • Gars am Kamp
  • Geras
  • Horn
  • Irnfritz-Messern
  • Japons
  • Langau
  • Meiseldorf
  • Pernegg
  • Röhrenbach
  • Röschitz
  • Rosenburg-Mold
  • Sigmundsherberg
  • Sankt Bernhard-Frauenhofen
  • Straning-Grafenberg
  • Weitersfeld

Kjelder

endre