Horn er ei hard utvekst på hovudet til ulike dyr. Rette horn er keratinstrukturarhovdyr som veks ut frå levande bein og som i hovudsak sit parvis. Andre hornliknande utvekstar kan sitta åleine, som på nashorn, eller sitja lenger bak på kroppen, som på nokre nashornbiller.

Horn på engelsk longhorn-ku.
Horn som musikkinstrument frå Argentina.

Ekte horn eller slirehorn er permanent feste til beinet til dyret. Dei finst hjå dyr i oksefamilien, som kveg, sauer, geiter og antiloper. Hornet er danna av ein kjerne av bein som sit fast i ein tapp i pannebeinet og er dekte av ei hornslire danna av huda. Til motsats blir gevir eller takk felte årleg. Dei opptrer hjå dyr i hjortefamilien. Også dette hornet er ei beindanning, men er gjerne forgreina og er tildekt av mjuk, hårkledd hud medan det veks.[1]

Hjå nokre artar har begge kjønna horn, medan det hjå andre artar berre er hannen som har horn. Horna tek til å veksa nokså snart etter fødselen, og fortset livet ut. Dyr som har gevir mister dei og dannar nye kvart år. Horna vert ofte nytta for å kjempa mot rivalar og rovdyr.

Menneske har nytta horn som materiale sidan steinalderen. Horn er hardt, men kan samstundes lett skjerast til. Horn kan mellom anna brukast som skaft til ulike verktøy, som drikkehorn eller musikkinstrument som bukkehorn eller sjofár. Hornet har også inspirert og gjeve namn til fleire messingblåseinstrument, som posthorn og valthorn.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Årtun, Torstein (5. juli 2018). «horn – zoologi». Store norske leksikon (på bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Horn
  Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.