Distriktet Willisau
Distriktet Willisau er eitt av fem distrikt (Amt) i kantonen Luzern i Sveits. Distriktet har eit areal på 337 km² og hadde 49 174 innbyggarar i 2010. Landsbyen Willisau er hovudstad i distriktet, som ligg i den søraustlege delen av distriktet. Distriktet Willisau grensar i vest til kantonen Bern og i nord til kantonen Aargau.
Willisau Amt Willisau | |||
distrikt | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Luzern | ||
Hovudstad | Willisau | ||
Areal | 336,99 km² | ||
Folketal | 49 174 (2010) | ||
Kommunar | 24 | ||
Distriktet Willisau 47°07′00″N 7°59′00″E / 47.116666666667°N 7.9833333333333°E | |||
Kart som viser Distriktet Willisau.
|
Distriktet Willisau består av 24 kommunar. Kommunane Willisau og Reiden er dei to einaste med fleire enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Alberswil, Altbüron, Altishofen, Dagmersellen, Ebersecken, Egolzwil, Ettiswil, Fischbach, Gettnau, Grossdietwil, Hergiswil bei Willisau, Luthern, Menznau, Nebikon, Ohmstal, Pfaffnau, Roggliswil, Schötz, Ufhusen, Wauwil, Wikon og Zell.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Willisau (Amt)» frå Wikipedia på tysk, den 21. oktober 2011.