Aargau
Tysk: Aargau
Fransk: Argovie
Italiensk: Argovia
Retroromansk: Argovia

Våpenet til Aargau

Kart som viser kvar i Sveits Aargau ligg.

Hovudstad Aarau
Språk tysk (87,1 %), italiensk (3,2 %), fransk (0,8 %)
Folketal 612 611 (2011)
Areal 1 404 km²
Folketettleik 436/km²
Forkorting AG
Kanton sidan 1803
Høgaste topp 908 moh (Geissfluegrat)

Aargau er ein kanton i Sveits.

Kart over Aargau.

Geografi endre

 
Landskap frå Möhlintal i Aargau

Aargau ligg nord i Sveits, ved dei austlega utløparane til Jurafjella. Kantonen ligg ved det nedre løpet til elva Aare, som har gitt namn til han. Hovudstaden i kantonen er Aarau. I nord grensar kantonen til Tyskland ved grenseelva Rhinen, i aust til kantonen Zürich, i sør til kantonane Luzern og Zug og i vest til kantonane Bern, Solothurn og Basel-Landschaft.

Folkesetnad endre

Aargau har tysk som offisielt språk. Tysk vert tala av 87,1 % av folket. 79,3 % er sveitsarar og 20,7 % utlendingar. Den opphavlege folkesetnaden er om lag likt delt mellom katolske og protestantiske kristne. I 2000 var 40,1 % romersk-katolske og 37,2 % protestantiske. Dei største byane er Wettingen (19 454 ib.), Baden (17 098 ib.) og Aarau (15 791 ib.)

Distrikt og kommunar endre

Aargau består av elleve distrikt, som i 2010 omfatta til saman 220 kommunar. Distrikta har namn etter sine hovudstader: Aarau, Baden, Bremgarten, Brugg, Kulm, Laufenburg, Lenzburg, Muri, Rheinfelden, Zofingen og Zurzach.

Historie endre

Namnet Aargau vert første gong nemnt i 763. På 1300-talet kom Øvre Aargau under Bern. Nedre Aargau, som i dag utgjer kantonen Aargau, høyrde i mellomalderen først under grevane av Lenzburg, så grevane av Kyburg og så hertugane av Habsburg. I 1415 vart det erobra av sveitsarane. Den vestlege delen kom under styre av Bern, den austlege under Zürich.

I 1798 vart Aargau erobra av franskmennene. I eit halvt år var Aarau hovudstad i republikken Helvetia og soleis den første hovudstaden i Sveits. Det vart danna tre kantonar - Aargau, Baden og Fricktal. Den noverande kantonen vart danna av Napoleon i 1803. Etter Napoleon sitt fall i 1815 fekk kantonen eit aristokratisk dominert styre, men frå 1830 vart dette gjort om, og kantonen vart ein av dei liberale kantonane. Mange demokratiske flyktningar frå Tyskland fekk tilhald her. I 1841/43 vart alle kloster i kantonen oppløyste, før nonneklostera igjen vart tillatne. Dette var ei av årsakene til borgarkrigen i Sveits i 1847, som førte fram til den moderne sveitsiske sambandsstaten.

Bakgrunnsstoff endre