Djalma Santos
brasiliansk fotballspelar
Dejalma Pereira Dias dos Santos (27. februar 1929–23. juli 2013) var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister med det brasilianske landslaget både i 1958 og 1962. Han deltok også i VM i 1954 og VM i 1966. Mellom 1952 og 1968 spelte han 98 landskampar og skåra tre landslagsmål.
Fødd | 27. februar 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | São Paulo | ||
Død | 23. juli 2013 | ||
Dødsstad | Uberaba |
Djalma Santos, som var frå Sao Paulo, spelte for Portuguesa frå 1948 til 1959. Sidan spelte han i ni år for Palmeiras, før han avslutta med Atlético Paranaense, 1968-70. Med Palmeiras vart han brasiliansk meister i 1960 og 1967.
Han døydde i Uberaba i Minas Gerais-provinsen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Djalma Santos» frå Wikipedia på dansk, den 15. juni 2014.