Djibril Cissé (fødd 12. august 1981 i Arles i Bouches-du-Rhône-departementet) er ein fransk fotballspelar som har spela for Lazio i italiensk Serie A, og for det franske landslaget. Foreldra hans immigrerte til Frankrike frå Elfenbeinskysten. Cissé vart seriemeister i Hellas med Panathinaikós i 2010 og vann den europeiske Meisterligaen med Liverpool i 2005. Han vart toppskårar i fransk Ligue 1 i 2002 og 2004, då han spelte for Auxerre, og toppskårar i den greske ligaen i 2010. I 2002 vart han kåra til årets unge spelar i Frankrike. Han debuterte for det franske A-landslaget 18. mai 2002 i ein kamp mot Belgia.

Djibril Cissé
Personleg informasjon
Fullt namn Djibril Cissé
Fødd 12. august 1981
Fødestad Arles
Høgd 183 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Lazio
Nummer 99
Ungdomsklubbar
1989-96
1996
1996-98
Frankrike Arles
Frankrike Nîmes
Frankrike Auxerre
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-2004
2004-06
2006-09
2008-09
2009-11
2011-
Frankrike Auxerre
Liverpool
Frankrike Marseille
Sunderland (lån)
Hellas Panathinaikós
Italia Lazio
128 (70)
49 (13)
58 (24)
35 (10)
61 (47)
1 (1)
Landslag
1998-2002
2002-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike Frankrike
19 (6)
40 (9)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. september 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2011