Opna hovudmenyen

Bouches-du-Rhône

franske departement
Bouches-du-Rhône
Våpenskjoldet til Bouches-du-Rhône
Plassering
Plasseringa til Bouches-du-Rhône i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 13
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Marseille
Sous-préfectures: Aix-en-Provence
Arles
Istres
Arrondissement: 4
Kantonar: 57
Kommunar: 119
Président du conseil général: Jean-Noël Guérini
Statistikk
Folketal Rangering 3.
 -2005 1 905 829
Folketettleik: 375/km²
Landareal¹: 5 087 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Bouches-du-Rhône (oksitansk Bocas de Ròse) er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, og er kalla opp etter elva Rhône.

HistorieEndra

Bouches-du-Rhône er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Provence og fyrstedøma Orange, Martigues og Lambesc. Departementet mista nokre område i 1793, inkludert Orange og Apt, då departementet Vaucluse vart oppretta.

Marseille har vore ein viktig hamneby heilt tilbake til tida før Julius Cæsar erobra Gallia.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard i vest, Vaucluse i nord, Var i aust og Middelhavet i sør.

Marseille er den viktigaste byen i departementet med ei stor hamn.

Andre viktige byar er:

Av elvar i departementet finne ein

  • Rhône, som dannar grensa mot departementet Gard.
  • Rhône-deltaet (Camargue)

Fjell i departementet er mellom anna:

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bucco-rhodaniens.

KulturEndra

Departementet er godt representert i fransk kunst. Paul Cézanne måla mange bilete av Mont Sainte-Victoire. Vincent van Gogh var mykje i Arles, der han måla mange bilete i området rundt.

TurismeEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bouches-du-Rhône