Djuphavsavleiring

Djuphavsavleiring er leireliknande slam på botnen av djuphavet, som får lite sedimenttilførsel frå landjorda. Slammet kan vera danna av kalk som stammar frå foraminiferar og kalkalgar, kisel frå skalet ti ldiatomear og radiolarar, og anna fint materiale frå høgare vasslag eller blese utover havet med vinden.

Ophidiidae-fisk fotografert over botnen av Stillehavet under ein «Okeanos Explorer»-ekspedisjon i 2017.

Når djupna vert større enn om lag 5000 meter blir kalkfragmenta løyste opp. Botnavleiringane på denne djupna og meir er for det meste radiolareslam, diatoméslam eller raud og brun djuphavsleire.

Kjelder endre

«dyphavsavleiringer» i Store norske leksikon, snl.no.