Dmitrij Glukhovskij

russisk skribent

Dmitrij A. Glukhovskij (fødd 12. juni 1979) er ein russisk forfattar og journalist, kjend for romaner innan sjangrane science fiction og magisk realisme. Han byrja med si første bok Metro 2033[1], då han var 18 år gammal, og publiserte ho på internettsida si i 2002, gratis tilgjengeleg for alle. Boka har vorte eit interaktivt eksperiment med over 3 millionar lesarar over heile verda. Ho vart trykt i 2005 i Russland. Sidan har det vorte laga ein spelversjon av boka for Xbox 360, Playstation 3 og Microsoft Windows.

Dmitrij Glukhovskij

Statsborgarskap Russland, Israel
Fødd 12. juni 1979 (44 år)
Moskva
Yrke skribent, journalist, romanforfattar, science fiction-forfattar, manusforfattar
Språk russisk, engelsk, fransk, tysk, hebraisk, spansk
Nettstad http://www.glukhovsky.ru
Dmitrij Glukhovskij på Commons

I 2007 vart It's Getting Darker publisert, fulgt av Metro 2034 i 2009, bestselgar i Russland det året, også gratis tilgjengeleg på nett. Deretter i 2010 gav han ut satiriske soger om Russland i dag - Stories about Motherland. Som journalist har Dmitrij Glukhovskij arbeidd for Euronews i Frankrike, Deutsche Welle og Russia Today.

Metro 2033 vart oversatt til norsk av Dagfinn Foldøy og utgjeven i 2012[2].

Referansar endre

Fotnotar