Dnepr-reservoaret
(Omdirigert frå Dneprreservoaret)
Dneprreservoaret (ukrainsk Дніпровське водосховище, Dniprovs'ke vodoskhovysjtsje) er eit reservoar i elva Dnepr i Ukraina. Det ligg i Dnipropetrovsk og Zaporizjia oblast. Det vart skapt i 1932 i samband med Dnepr vasskraftverk.
Dneprreservoaret | |
innsjø | |
Land | ![]() |
---|---|
Oblast | Dnipropetrovsk oblast, Zaporizjia oblast |
Tilsig | Dnepr |
Utløp | Dnepr |
Stad | Zaporizjia (i sør), Dnipropetrovsk (i nord) |
- koordinatar | |
Lengd | 129 km |
Wikimedia Commons: Dnieper Reservoir | |
Reservoaret er 129 km lang og har ei gjennomsnittleg breidd på 3,2 km (7 km på det breiaste) og har ei middeldjupne på 8 meter. På det djupaste er reservoaret 53 meter. I alt inneheld reservoaret 3,3 km³.
Leninsjøen, som strekkjer seg ti kilometer frå munningen av Samaraelva, renn inn i nordenden av reservoaret. Då reservoaret vart bygd vart dei historiske Dneprstryka lagt under vatn.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Dnieper Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
Sideelvar: Drut (H) • Berezina (H) • Sozj (V) • Pripjat (H) • Teteriv (H) • Irpin (H) • Desna (V) • Stuhna (H) • Trubizj (V) • Ros (H) • Tjasmyn (H) • Supij (V) • Sula (V) • Psyol (V) • Vorskla (V) • Samara (V) • Konka (LV) • Bilozerka (V) • Bazavluk (H) • Inhulets (H) | |||
Reservoar: Dnepr • Dniprodzerzjynsk • Kakhovka • Kaniv • Kiev • Krementsjuk |