Doły Jasielsko Sanockie

Doły Jasielsko Sanockie (Jasielsko-Sanockie dalane, Jasło- og Sanok-dalane, Jasło-Sanok-bekkenet)[1] er ei fjellkjede som strekkjer seg mellom elvane Wisłoka og San på det vestlege karpatiske platået og Dei sentrale Beskidane i Polen. Dei har ei høgd på 250 til 500 meter over havet og ligg sør i Subkarpatiske voivodskap. Doły er den lågaste fjellkjeda i dei polske Karpatane.

Doły Jasielsko Sanockie
fjell
Pogorze nadolany.jpg
Utsyn frå toppen Bukowica vest i Nowotaniec.
Land Flag of Poland.svg Polen
Fjellkjede Dei sentrale Beskidane
Høgd Działm, 678 moh.

Doły Jasielsko Sanockie
49°28′0″ N 22°40′4″ E
Pogórze Środkowobeskidzkie.png

Fjellkjeda kan delast inn i Gorlickie-senkinga, Jasielskie-platået, Jasielsko – Krośnieńska-dalen og Bukowskie-platået. Dei strekkjer seg 100 km og har ei breidd på 18 km mellom Dei lågaste Beskidane i sør og eit platå i nord.

Inndeling av Karpatane. Doły=a9+a8+a6+a7; ein del av Dei ytre austlege Karpatane

Doły grenser i vest til dalen til elva Ropa, i aust til elva Wisłok og San, i sør til Dei låge Beskidane og i nord til Dynowskie-plaåtet der riksveg 28 går (frå Zator til riksgrensa ved Medyka). Den høgaste toppen er Dział (678 moh) ved elvane Tabor og Czarny Potok. I hovudsak er Doły låge med slake fjellsider, lange ryggar med flate toppar og enkelte toppar. Berre enkelte stader finn ein brattare terreng. Høgda på toppane varierer frå 350 til 650 meter over havet.

HistorieEndra

I 1854 starta det første oljefeltet i verda produksjon ved landsbyen Bóbrka nær Krosno.

InndelingEndra

Det finst fleire variantar og definisjonar på kva område fjellkjeda utgjer.

  • Obniżenie Gorlickie
  • Kotlina Jasielsko-Krośnieńską
  • Pogórze Jasielskie
  • Pogórze Bukowskie

KjelderEndra

  1. Doły Sanockie, -og Podole Sanockie [i] Słownik geograficzny Królestwa Polskiego, tom III, 1876, Karpaty, s. 870

GalleriEndra