Subkarpatiske voivodskap
Subkarpatiske voivodskap Województwo podkarpackie | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Land: | Polen | ||||
Hovudstad: | Rzeszów | ||||
Fylke: | 4 byar og 21 landfylke | ||||
Gmina: | 159 | ||||
Folketal: | 2 096 971 (2006) | ||||
Areal: | 17 844 km² | ||||
Folketettleik: | 118 /km² | ||||
Heimeside: | www.wrota.podkarpackie.pl/pl/um |
Subkarpatiske voivodskap (polsk Województwo podkarpackie eller berre Podkarpackie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg søraust i Polen og den administrative byen er Rzeszów. Tidlegare var Lwów administrasjonssete, men etter 1945 då Lwów vart ein del av Sovjetunionen, tok Rzeszów over denne rolla.
Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Rzeszów, Przemyśl, Krosno og delar av Tarnów og Tarnobrzeg. Namnet på regionen kjem av at han ligg nær Karpatane.
Det grensar til Veslepolske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nordvest, Lublin-voivodskapet i nord, Ukraina i aust og Slovakia i sør. Det dekkjer eit areal på 17 844 km² og har eit folketal på 2 096 971 (2006).
Byar og landsbyarEndra
Voivodskapet inneheld 46 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):
1. Rzeszów (163 155) |
24. Nowa Sarzyna (6 308) |
Administrativ inndelingEndra
Subkarpatiske voivodskap er delt inn i 25 fylke (powiat) og fire av desse er byfylke, og 21 landfylke. Desse er igjen delt inn i 159 gmina eller kommunar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Subcarpathian Voivodeship» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2008.