Binærasteroide

(Omdirigert frå Dobbelasteroide)

Binærasteroidar er asteroidar i par som går i bane rundt eit felles massesentrum, mykje likt dobbeltstjerner. Romsonden Galileo oppdaga at 243 Ida hadde binære eigenskapar då han flaug forbi asteroiden i 1993. Seinare er det oppdaga fleire binære asteroidar og trippelsystem.[1]

Animasjon av binærasteroiden 2017 YE5

Binærasteroidar der begge asteroidane har omtrent same dimensjonar vert også kalla dobbelasteroidar. Eit eksempel 90 Antiope-systemet.

System der den eine lekamen er ein mykje mindre satellitt, har blitt oftare observert i seinare år. Døme på slike system er 22 Kalliope, 45 Eugenia og 107 Camilla. 87 Sylvia har to satellittar.

Nedslagskrater som finst i par, slik som Clearwater Lakes i Canada, er kanskje resultat av at binærasteroidar har slått ned.

Kjelder endre

  1. Margot, Jean-Luc; Pravec, Petr; Taylor, Patrick; Carry, Benoît; Jacobson, Seth (2015). «Asteroid Systems: Binaries, Triples, and Pairs». I Michel, Patrick; DeMeo, Francesca E.; Bottke, William F. Asteroids IV. s. 355. Bibcode:2015aste.book..355M. ISBN 9780816532131. arXiv:1504.00034. doi:10.2458/azu_uapress_9780816532131-ch019.