87 Sylvia
87 Sylvia er ein av dei største hovudbelteasteroidane. Han er svært mørk og har sannsynlegvis ein veldig enkel samansetnad. Han går i bane lengre ut enn dei fleste hovudbelteasteroidane, og er klassifisert som ein av Cybele-asteroidane.
Bilete av Sylvia og månane | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Norman Robert Pogson |
Oppdagingsdato | 16. mai 1866 |
Baneskildring | |
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5) | |
Aphel | 563,679 mill. km (3,768 AE) |
Perihel | 480,594 mill. km (3,213 AE) |
Eksentrisitet | 0,080 |
Banehelling | 10,855° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 260,9 km |
Masse | 1,9·1019 kg |
2,0 g/cm³ | |
0,1379 km/s | |
0,216 d [1] | |
Albedo | 0,0435 [2] |
Grunnen til namnet er ukjend, asteroiden kan vera kalla opp etter den fyrste kona til astronomen Camille Flammarion eller Rhea Silvia, mora til Romulus og Remus.
Ein måne rundt Sylvia blei oppdaga 18. februar 2001 frå Keck II-teleskopet av Mike Brown og Jean-Luc Margot. Han er 15 km i diameter og går i bane i ein avstand på 1370 km. Satellitten fekk seinare namnet Romulus [3].
Tre år seinare, 9. august 2004, blei Remus, måne nummer to, oppdaga. Remus har ein diameter på 7±2 km og krinsar rundt Sylvia i ein avstand på 706±5 km.
Månane er sannsynlegvis resultatet av at materiale kasta opp etter ein asteroidekollisjon samla seg som to objekt i bane rundt Sylvia. Måneoppdagingane gjorde at ein kunne finne massen og tettleiken til Sylvia. Tettleiken er låg, noko som tyder på at asteroiden sannsynlegvis er svært porøs.