Docklands Light Railway
Docklands Light Railway (DLR) er eit kollektivtilbod i Docklands i det austlege London. Linja blir administrert av Transport for London (TfL). Ho er ikkje ein del av London Underground, men er teikna inn på undergrunnkartet og er nært knytt til undergrunnen gjennom stasjonar der det er mogleg å gå direkte mellom undergrunnen og DLR. Linja blei opna av dronning Elisabeth II den 31. juli 1987.
Toga er heilautomatiske, og har ingen førar. Det er ein konduktør (kalla serviceagent) om bord på kvart tog, som kontrollerer billettar og kontrollerer dørene. I nødstilfelle kan desse òg køyre toget.
DLR blei føreslått bygd i slutten av 1980-åra, i samband med byfornyinga i Docklands. Linja skulle ligge i dagen, og har tre greiner med endeholdeplassar på stasjonane Tower Gateway, Stratford og Island Gardens. Det var planlagt å bruke moderne trikkar, men i staden valde ein den nyaste teknologien med førarlause tog. Det meste av sporet blei heva over bakken. Togene har berre ei lang vogn.
Greinene kryssar kvarandre like ved Poplar, og det blir køyrt ruter på kryss og tvers mellom alle endestasjonane.
Stasjonar
endreStasjonar på vest-austgåande greiner
endre- Endestasjon: Bank for sentrale London
- Endestasjon: Tower Gateway for Tower of London
- Shadwell (greinene til Bank og Tower Gateway skil lag rett etter Shadwell)
- Limehouse
- Westferry
- Poplar
- Blackwall
- East India
- West Silvertown
- Pontoon Dock
- London City Airport
- Endestasjon: King George V
- Canning Town
- Royal Victoria
- Custom House
- Prince Regent
- Royal Albert
- Beckton Park
- Cyprus
- Gallions Reach
- Endestasjon: Beckton
Stasjonar på nord-sørgåande greiner
endre- Endestasjon: Stratford
- Pudding Mill Lane
- Bow Church
- Devons Road
- All Saints
- Poplar (sjå ovanfor)
- West India Quay
- Canary Wharf
- Heron Quays
- South Quay
- Crossharbour
- Mudchute
- Island Gardens
- Cutty Sark for Maritime Greenwich
- Greenwich
- Deptford Bridge
- Elverson Road
- Endestasjon: Lewisham