Ein dodekagon er ein tolvkant. Ein regulær dodekagon har tolv like lange sider, som alle skjer av ein sirkelboge på 30°.

Om kvar side i tolvkanten er s, er arealet A av tolvkanten gjeve av formelen

Vi kan konstruere ein regulær dodekagon med passar og linjal med utgangspunkt i ein regulær heksagon, eller ved å teikne hjørnepunkta ved å trekkje ein sirkelboge på 30° tolv gonger på ein sirkel, og trekkje tolv liner mellom hjørnepunkta.

Australia har gjeve ut ein 50-cent som er prega på ein dodekagon.

Uregelrette tolvkantar

endre

I prinsippet er ein latinsk eller gresk kross òg ein tolvkant.

Kjelder

endre