Dodoma
Dodoma (gogo for 'han har sokke') er ein by og hovudstad i Tanzania.
Dodoma | |
---|---|
Nyerere Square | |
Styresmakter | |
Land | Tanzania |
Grunnlagd | år 1735 |
Borgarmeister | Francis Mazanda |
Geografi | |
Flatevidd | 2 576 km² |
Flatevidd - Hovudstad |
2576 km² |
Innbyggjarar - Hovudstad (2002) - folketettleik |
324.347 125,9/km² |
Koordinatar | 6°10′23″S 35°44′31″E / 6.17306°S 35.74194°E |
Tidssone | UTC +3 (UTC3) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.dodoma.go.tz/ | |
Plassering | |
Hovudstad
endreDodoma tok over frå Dar-es-Salaam som hovudstad for Tanzania i 1974, og ein starta prosessen med å flytta dei offisielle kontora frå Dar-es-Salaam til Dodoma. Etter planen skulle dette arbeidet vera fullført i 2005, men i 2007 stod framleis mange offisielle bygg att i Dar-es-Salaam. Dodoma er også delstadshovudstad.
Demografi
endreDodoma er ein innlandsby, og ligg omtrent midt i landet. Dei innfødde folkegruppene i Dodoma-området er gogo-, rangi- og sandawefolk, men innbyggjarane i det moderne Dodoma kjem frå mange ulike folkegrupper. Ifylgje den katolske kyrkja er 19,2 % katolikkar.
Infrastruktur
endreEin stor motorveg og ein jernbane går mellom Dodoma og Dar-es-Salaam ved kysten av Indiahavet. Det går også vegar vestover og nordover frå Dodoma. Det finst også flyplass ved Dodoma, og styresmaktene planlegg å byggja ein ny flyplass ved byen.
Dodoma er eit handelssenter for landbruksprodukt, t.d. jordnøtter, mais, ris, bønner, kaffi, te, og kveite. Det finst også noko lettindustri her.
I nærleiken av byen ligg vasskjelda Hombolo-dammen, som bystyret har ansvar for. Det finst to universitet i Dodoma: St. Johns University of Tanzania som den anglikanske kyrkja eig, og University of Dodoma. Begge vart opna i 2007.
Bilete frå Dodoma
endre-
Dodoma domkyrkje
-
Universitet i Dodoma
Kjelder
endre- Dodoma i Store Norske Leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Dodoma» frå Wikipedia på engelsk, den 2. januar 2011.