Dolphin
Dolphin er filutforskaren til KDE, laga med brukarvenlegheit som hovudfokus.[2]
Dolphin | |||
| |||
| |||
Utviklar | KDE | ||
---|---|---|---|
Utgjeve | 2006 | ||
Nyaste versjon | 24.01.85 (20. desember 2023)[1] | ||
Operativsystem | Unix-variant | ||
Skriven i | C++, C | ||
Lisens | GPL 2.0+ | ||
Nettstad | https://apps.kde.org/dolphin/ |
Under tidlegare versjonar av KDE var Konqueror standard filutforskar og nettlesar, men etter at Konqueror vart for komplisert til å vere standard filutforskar vart filutforkarfunksjonaliteten skilt ut av Konqueror og tilført Dolphin. Konqueror fortsetter å vere standard nettlesar til KDE.
Eigenskapar
endre- Fanenavigasjon
- 3 visningsmodusar (Ikon, Detaljar og Kompakt), som blir hugsa for kvar mappe
- Enkel visning av skjulte mapper
- Enkel navigering av filsystemet med autofullføring gjennom navigasjonsbaren
- Sorterig av filer etter:
- Dato laga
- Dokumenttype
- Alfabetisk rekkefølge
- Storleik
- Eigar (alfabetisk sortert)
- Filtype (alfabetisk sortert)
Filosofi
endre- Målgruppe
Dolphin er meint for brukarar som er middels kompetente i sitt bruk av ei datamaskin. Det betyr ikkje at Dolphin er over gjennomsnittet vanskeleg å bruke men at Dolphin har fleire eigenskapar og val som kan forvirre nye brukarar.
- Ikkje-hindrande funksjonar
Om ein funksjon eller eigenskap skal leggast til dolphin må det vurderast om det tilfører eigenskapar til dolphin som gagnar brukarar utanfor målgruppa til dolphin. Ikkje-hindrandre omhandlar for det meste brukargrensesnittet, om ein ein ny funksjon eller eigenskap vil føre til rot eller uorganisering i brukargrensesnittet vil den ikkje bli lagt til.
- Val
Val er viktige fordi «gjennomsnittbrukaren» ikkje eksisterer. Men det er likevel ikkje sagt at dolphin sitt mål er å dekke kvart brukarkrav, fordi kvart val og eigenskap som tilføyast gjer det vanskelegare å finne eksisterande val og eigenskapar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «KDE Gear 24.01.85 Full Log Page». Henta 6. januar 2024.
- ↑ «Userbase.dolphin» (på engelsk). 01.05.2016. Henta 17.09.2016.