Nettlesar
Ein nettlesar (engelsk: web browser) er eit dataprogram brukt for å syna innhald frå verdsveven på ein dataskjerm.


██ Internet Explorer ██ Google Chrome ██ Firefox ██ Opera
Dei fleste sidene på Verdsveven vert overførte på HTML-format. Nettlesaren sin jobb er å tolka HTML-kodane for å plassera tekst og bilete rett når dei skal visast på skjermen, og å gjera det enkelt for brukaren å navigera blant websidene.
Nettlesaren Mosaic frå NCSA var den første populære nettlesaren med grafikk, og har mykje av æra for at folk tidleg fekk augo opp for Verdsveven.
Nokre populære nettlesarar i dag
endre- Microsoft Internet Explorer – proprietær, følgjer med Microsoft Windows.
- Firefox – open kjeldekode, utvikla i regi av Mozilla.
- Opera – Utleggskjerna Presto-basert, proprietær, utvikla av Opera Software.
- Safari – KHTML-basert, proprietær, standard på Mac OS X.
- Google Chrome – proprieter nettlesar frå Google.
- Lynx – GPL-lisensiert, standard tekstbasert nettlesar, følgjer m.a. med mange Linux-system.