Dominik Landertinger
Dominik Landertinger (fødd 13. mars 1988) er ein austerriksk skiskyttar frå Braunau am Inn i forbundslandet Oberösterreich. Han vart verdsmeister i fellesstart i Pyeongchang i 2009 og tok sølvmedaljen i sprinttevlinga under vinterleikane 2014 i Sotsji. Elles har han vunne to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i 4 x 7,5 km stafett med Austerrike i ulike VM og OL i tida 2009-14.
Dominik Landertinger | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 13. mars 1988 (36 år) Braunau am Inn |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2010 – Stafett menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Stafett menn, VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Sprint menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn |
Utmerkingar | æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
Landertinger vart nummer tre i verdscupen i skiskyting i 2013-sesongen og hadde per 12. januar 2016 vunne to renn i verdscupen, begge i fellesstart.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dominik Landertinger» frå Wikipedia på tysk, den 12. januar 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- «Dominik Landertinger». olympedia.org. Henta 23. oktober 2022.