Sotsji

by i Russland

Sotsji (russisk skrift Сочи) er ein russisk kurstad ved Svartehavet og foten av Kaukasus der mellom anna det høgaste fjellet i Europa, Elbrus, ligg på 5648 moh. Byen skal arrangere Vinter-OL 2014. Byen har om lag 330 000 innbyggjarar og ligg i Krasnodar kraj. Byen har ein internasjonal flyplass, Adler-Sotsji lufthamn, ei hamn og jernbanesamband.

Sotsji
Сочи
Sotsji sett frå Svartehavet
Sotsji sett frå Svartehavet
Sotsji sett frå Svartehavet
Flagget til Sotsji Byåpenet til Sotsji
Flagget til Sotsji Byvåpenet til Sotsji


Plassering
Sotsji is located in Russland
Sotsji is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd
Bystatus
1838
1917
Borgarmeister Dsjambulat Tsjatuov
Geografi
Flatevidd
 - By

3 502 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

331 100
  94,5 /km²
Koordinatar 43°36′0″N 39°43′0″EKoordinatar: 43°36′0″N 39°43′0″E
Høgd over havet 30 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 354000–354396
Retningsnummer (tlf) (+7)8622
Nettstad: www.sochiadm.ru

Historie endre

Frå 700-talet til 1600-talet høyrte området til kongane av Georgia, som bygde eit dusin kyrkjer der. I bydelen Loo står ruinane etter ein bysantinsk basilika frå 1200-talet. Frå 1600-talet vart kysten dominert av Det osmanske riket. Etter den tyrkisk-russiske krigen vart byen formelt avstått til Russland i Adrianopeltraktaten i 1829.

Byen vart offisielt grunnlagt i 1838 som fortet og busetnaden Aleksandrija (Александрия). Fortet fekk det nye namnet Navaginskij (Навагинский) alt i 1839. Under krimkrigen vart det gjeve opp av dei russiske styrkane og vart ikkje gjenoppbygd før i 1864 som utposten Dakhovskij (Даховский). I 1874 fekk utposten det nye namnet Dakhovskij Posad (Даховский Посад).

Byen fekk så namnet Sotsji i 1896. Det nye namnet er frå ybiske namnet på elva som renn gjennom byen, Soatsjsje (eventuelt frå det adygiske Sjatsja).

Under Sovjetunionen utvikla byen seg til ein særs populær kur- og badeby. Josef Stalin bygde seg ein datsja der og han vert rekna for å ha vore hans yndlingsdatsja. Den russiske staten har framleis ein representasjonsstad der, dit dei stundom tek med seg utanlandske dignitærar.

Klima endre

Sotsji og omlandet har det varmaste klima i Russland. Snø er ytst sjeldan i låglandet, sidan gjennomsnittstemperaturen i dei kaldaste månadane er +7 C (januar og februar). I juli er gjennomsnittstemperaturen + 26 C. Somrane er lange og varme, noko som saman med kjeldene, grønkledde fjell og fine strender langs Svartehavet, har gjort byen til ein populær ferieby.

I dag endre

Sotsji har mange hotell, sanatorium og mineralbad. Vegetasjonen er subtropisk med palmar, blomar og parkar. Sør for sentrum ligg den høgt lovpriste Dendrarij botaniske hage med mange eksotiske planter. Utanfor byen ligg Dagomy teplantasje og i nord finn ein det kaukasiske biosfærereservatet, som UNESCO har oppført som del av verdsarva.

Byen har eit delfinarium og mange sportsanlegg for tennis, fotball og symjing. Om vinteren er det skisport i fjella nokre få mil innanfor byen. Kvar sommar vert filmfestivalen «Kinotavr» halden i Sotsji.

Den 4. juli 2007 vart det avgjort at Sotsji skulle arrangere Vinter-OL 2014.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sotsji