Domoda (volof domodaa) er ein rett frå Vest-Afrika som blir eten i Senegal[1] og i Gambia, der han er rekna som nasjonalrett.[2] Han er rekna som ei form for ñaari cin, 'to gryter', der gryteretten og risen blir laga til kvar for seg. Hovudingrediensen er malne peanøtter. I tillegg kan ein bruka lauk, tomat, potet, gulrot, kål, sitronjus og buljong.[3] Det er også vanleg å ha kjøt i retten.[4]

Domoda servert med ris.
Ingrediensar

Kjelder endre

  1. Geneviève N'Diaye-Corréard, « Domoda », in Les Mots du patrimoine. Le Sénégal, Archives contemporaines, 2006 ISBN 9782914610339, s. 192.
  2. The Complete Guide to National Symbols and Emblems (på engelsk), ABC-CLIO, 2009, s. 837, ISBN 9780313344978  .
  3. «Culinary | Gambia Food | Visit the Gambia», www.visitthegambia.gm, henta 24. januar 2023 
  4. «Tastes of the Gambia», pan-African (på engelsk), 26. februar 2021, henta 24. januar 2023