Domokós
Domokós Lokalt namn Δομοκός | |
---|---|
Utsyn over Domokós | |
Geografi | |
Stad | Sentral-Hellas |
Koordinatar | 39°08′N 22°18′E / 39.133°N 22.300°E |
Areal | 707,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Fthiótida |
Hovudsete | Domokós (1 814 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 9 159 (2021[1]) |
Folketettleik | 12,9 /km² |
Domokós (gresk Δομοκός) er ein landsby og ein kommune i periferieininga Fthiótida i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Domokós ligg nord for Lamía og grensar i vest, nord og aust mot periferieiningane Kardítsa, Lárisa og Magnisía i Thessalía.
Administrativ inndeling
endreKommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Domokós
- Thessaliótida
- Xyniáda
Dei tre tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 9 159 innbyggjarar, medan kommunaleininga Domokós hadde 4 273 og tettstaden med same namn 1 814 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|---|
Domokós | Domokós | 1 531 | 1 814 |
Omvriakí | Xyniáda | 1 210 | 866 |
Néo Monastíri | Thessaliótida | 1 159 | 904 |
Ekkára | Thessaliótida | 576 | 421 |
Perivoli | Xyniáda | 435 | 351 |
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert