Periferieininga Magnisía
Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Thessalía
Hovudstad Vólos
Folketal 177 448 (2021[1]) Rangering 10.
Areal 2 351 km²
Folketettleik 75/km²
Kommunar 5
Postnummer 37x xx - 38x xx
Retningsnummer 242x0
Bilnummer BO
Heimeside www.magnesia.gr

Periferieininga Magnisía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας, Periferiakí enótita Magnisías) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Vólos. Prefekturet Magnisía vart oppretta i 1947 ut av Lárisa prefektur. Om lag 70 % av innbyggjarane bur i storbyområdet rundt Vólos, som er den nest største byen i Thessalía og den tredje travlaste hamnebyen i Hellas.

Tidlegare inkluderte prefekturet Magnisía øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i Dei nordlege Sporadane, men frå 2011 er dei skilt utsom ei eiga periferieining, Sporadane.

Grunnstoffa magnesium og mangan, og dessutan omgrepet magnetisme er kalla opp etter Magnisía.

Geografi endre

Magnisía grensar til Fthiótida i sørvest, Lárisa i vest og nord og Egearhavet i aust. I nord låg tidlegare den no uttørka Kárlasjøen, omgjeve av jordbruksområde i vest og fjell i aust.

Kommunar endre

Periferieininga var tidlegare var ein del av Magnisía prefektur saman med Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. Frå 2011 har periferieininga dei fem kommunane[2]

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Vólos Vólos 86 046 85 803
Néa Ionía Vólos 32 661 30 688
Almyrós Almyrós 7 955 7 244
Agriá Vólos 5 191 4 928
Néa Ankhíalos Vólos 5 132 4 518
Velestíno Rígas Feréos 3 044 2 922
Evxinoúpoli Almyrós 2 281 2 076
Dimíni Vólos 2 261 1 979
Zagorá Zagorá-Mourési 2 074 1 894
Stefanovíkio Rígas Feréos 1 970 1 468
Káto Lekhónia Vólos 1 487 1 347
Soúrpi Almyrós 1 457 1 295
Rizómylos Rígas Feréos 1 482 1 215
Argalastí Sør-Pílio 1 321 1 173
Áno Lekhónia Vólos 1 068 983
Kanália Rígas Feréos 1 015 893
Pteleós Almyrós 1 140 890
Anakasiá Vólos 1 012 888

Referansar endre

Kjelder endre