Don't Leave Me This Way av Tina Turner

Don't Leave Me This Way
Singel av Tina Turner
frå albumet Twenty Four Seven
Utgjeve 14. februar 2000
Sjanger poprock
Lengd 4:01
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Paul Barry, Mark Taylor, Brian Rawling
Produsent Mark Taylor, Brian Rawling
Tina Turner-kronologi 
«Whatever You Need»
(2000)
Don't Leave Me This Way «Open Arms»
(2004)


«Don't Leave Me This Way» er ein song av Tina Turner. Han vart skriven og produsert av Paul Barry, Mark Taylor og Brian Rawling og opphavleg gjeven ut i Storbritannia i 1998 av Emmerdale-skodespelaren Malandra Burrows. Singelen nådde 54. plassen på UK Singles Chart, og var den andre og siste utgjevinga til Burrows for Warner Music. Turner spelte inn songen på ny i 1999 for studioalbumet Twenty Four Seven og gav songen ut som den tredje singelen frå albumet i Tyskland i februar 2000, der han vart ein liten hit.

Innhald og format endre

Tysk CD maxisingel

  1. «Don't Leave Me This Way»
  2. «The Best» (konsertopptak i London '99)
  3. «Steamy Windows» (konsertopptak i London '99)
  4. «River Deep – Mountain High» (konsertopptak i London '99)

Lister endre

Liste (2000) Plassering
Tyskland (GfK Entertainment)[1] 78

Kjelder endre

  1. «Tina Turner - Top Titel» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 17. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff endre