Don Tosti

Don Tosti (27. mars 1923 som Edmundo Martinez Tostado–2. august 2004) var ein USA-amerikansk musikar og komponist.

Don Tosti
Fødd27. mars 1923
Død2. august 2004 (81 år)
OpphavUSA
Verka somkomponist, jazzmusikar

Tosti hadde ein karriere over fleire tiår og innan fleire stilartar, frå klassisk musikk til jazz og rhythm and blues. Han var mest kjend for pachuco-komposisjonar som hitten «Pachuco Boogie». Denne var spelt inn i 1948 og var den første latinamerikanske songen som selde over ein million eksemplar i USA.

KjelderEndra