Donald Duck & Co
Donald Duck & Co er eit norsk vekeblad med teikneseriar om Walt Disney-figurar, med særleg vekt på Donald Duck og andre innbyggjarar i Andeby. Bladet hadde første utgjeving i 1948 og vart etter kvart tidenes mest populære teikneseriehefte i Noreg.
Donald Duck & Co | |
Format | Vekeblad |
---|---|
Grunnlagd | desember 1948 |
Utgjevar | Egmont |
Redaktør(ar) | Marius Molaug |
Språk | Norsk |
Bladet kom ut månadleg dei første åra og vekentleg frå september 1958. Frå nyåret 2015 kjem bladet ut annakvar veke i laussal i butikk, medan dei som abonnerer framleis vil få bladet vekentleg.[1]
Bladet er distribuert av danske Egmont Hjemmet Mortensen. Hovudredaktør er Marius Molaug. Ansvarleg utgjevar er Anita R. Tveten.
LitteraturEndra
- Jon Gisle: Donaldismen. Et muntert-vitenskapelig studie over Donald Duck og hans verden, Oslo: Gyldendal, 1973