Norsk

nordisk språk som blir tala i Noreg
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Norskt mål».

Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir for det meste snakka i Noreg, men òg i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i SverigeJemtland, Herjedalen og Båhuslen — har dialektane mange likskapar med norsk, særleg nord i området.[1]

Norsk
norsk
Klassifisering Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Vestnordisk
Talarar nordmenn
Bruk
Tala i  Noreg
 USA (lokalt)
 Sverige (delvis i Jemtland, Herjedalen og Båhuslen)
Område Norden
Norsktalande i alt 5 millionar
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Latinsk (norsk variant)
Offisiell status
Offisielt språk i  Noreg
Normert av Norsk språkråd
Språkkodar
ISO 639-1 no (norsk)
nn (nynorsk)
nb (bokmål)
ISO 639-2 nor (norsk)
nno (nynorsk)
nob (bokmål)
ISO 639-3 nor (norsk)
nno (nynorsk)
nob (bokmål)

Dialektar endre

For meir om dette emnet, sjå Norske dialektar.

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delte inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel skilnaden i realiseringa av tonelag, slik at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord.

Fonologi endre

For meir om dette emnet, sjå Norsk fonologi.

Lydsystemet i norsk varierer ein del frå dialekt til dialekt. Dei fleste dialektane har system med ni vokalar (i, y, ʉ, u, e, ø, o, æ, a), tre opprinneleg norske diftongar (æi øy ɑʉ), og ytterlegare tre diftongar som berre finst i lånord (ɑi ɔy ʉi). Blant konsonantane er det større variasjon dialektane i mellom.

Trykket i norsk fell på den siste tunge stavinga i rota av ordet. Som regel er dette første staving. Norsk er eit tonelagsspråk, dvs. at trykk i norsk er realisert med den eine eller andre av to tonar. Dialektane rundt Bergen og aust for Tromsø har ikkje tonelag.

Morfologi endre

Substantiv endre

Norske substantiv blir bøygd i bestemtheit og numerus.

Som i dei fleste andre indoeuropeiske språka er substantiva i norsk delt inn i bøyingsklasser, dvs. ord som har stamme med elles lik struktur blir bøygd ulikt (t.d. ting, ring men tinga, ringane og bekk, sekk, men bekkene, sekkane.

Adjektiv endre

Norske adjektiv blir bøygd i grad (fin – finare – finast) og genus. Med unntak av liten (lita, lite) er opposisjonen mellom maskulinum og femininum nøytralisert, og berre nøytrumsforma er avvikande. Dette gjeld berre for adjektiv i positiv ubestemt eintal, gradbøygde adjektiv, og adjektiv i fleirtal og/eller bestemt form (finare, finast, finaste, fine) har ikkje genusbøying.

Adjektiva blir bøygd i bestemtheit og numerus, som substantiv. Dei skil seg likevel frå kvarandre ved at dei ved substantiva er inherente kategoriar, der adjektiva rettar seg etter substantivet. Eksponentane for dei ulike trekka i kvar kategori er også heilt ulike dei eksponentane vi finn innanfor substantivbøyinga. Fleirtal blir uttrykt med -e for adjektiva men med m.a. -ar/er for substantiva (gule bilar).

Verb endre

Regelmessige norske verb har sju bøyingsformer, med verbet leve som døme er det desse formene: fire finitte former: lever (presens), levde (preteritum), leve (optativ), lev (imperativ) og tre infinitte former: leve (infinitiv), levande (imperfektiv partisipp) og levd (perfektiv partisipp). Optativ er identisk med infinitiv. I skolegrammatikken blir den imperfektive partisippen kalla «presens partisipp».

Verb kan delast i ulike bøyingstypar, i svake og sterke, etter om dei dannar preteritum med suffiks eller ikkje. Svake verb dannar preteritum med suffiksa -a eller -te/-(d)de, fordelinga dei i mellom er avhengig av fonologiske eigenskapar ved stammen. Einstava stammar (å nå) har suffikset -dde, stammar med trykk på siste staving og tonelag 1 (å reparere) har suffikset -te, det same har stammar med visse fonologiske strukturar. Alle andre svake verb dannar preteritum med -a. Sterke verb dannar preteritum med vokalveksling i stammen, såkalla avlyd.

Norske verb kan også delast inn i hovudverb og hjelpeverb. Hjelpeverba er ei lukka klasse av verb som blir brukt dels til å lage samansette tidsformer som i tabellen ovanfor (skulle og ha er hjelpeverba der), og dels til å markere talaren si innstilling til innhaldet i setninga (Vi må gå no). Syntaktisk skil hjelpeverba seg frå andre verb ved at dei tar infinitivar kom komplement utan infinitivsmerke, jf. Vi prøver å gå no, der prøver, til skilnad frå , ikkje er eit hjelpeverb.

Lukka ordklasser endre

Norsk har sju lukka ordklasser, dvs. ordklasser som har grammatisk funksjon, og som har ei endeleg mengd medlemer. Artiklane adverb, determinativ, interjeksjon, konjunksjon, preposisjon, pronomen, subjunksjon inneheld drøftingar av desse ordklassene i norsk.

Ordtilfang endre

Indoeuropeiske arveord endre

Lånord i norsk endre

For meir om dette emnet, sjå Lånord i norsk.

Språksamfunn lånar ord frå meir prestisjefylte språksamfunn, via tospråklege talarar. Studium av lånordslag i norsk speglar dermed samfunnsmessige tilhøve i Europa opp gjennom hundreåra. Med innføringa av kristendommen kom det ein god del lånord inn i norrønt. Av lånorda i Fritzners Gammelnorsk Ordbog er ca. 61 % frå latin, 25 % frå gammal- og mellomhøgtysk, 7 % frå gammalfransk og under 5 % frå gammalengelsk. Dei fleste latinske lånorda er knytt til kristendommen, mange tyske ord til handel, og mange franske ord til hoffliv. Hovudtyngda av lånorda i mellomnorsk kom frå lågtysk.

Moderne lånord kjem framfor alt frå svensk og engelsk.

I dei siste åra har ungdomsspråket i delar av Noreg, særleg i Oslo og andre større byar, gjennomgått store endringar. Dette heng saman med auken i talet ungdommar med framandspråkleg bakgrunn. Nye ord som er tekne i bruk i denne sjargongen inkluderer «kabe» (fin jente), «loco» (galen, tullete) og «schpa» (pen eller kul).

Norske lånord i andre språk endre

I vikingtida var det mange lånord frå norrønt til gammalengelsk og til irsk, som resultat av dei nordiske invasjonane på dei britiske øyane. Det er mange lånord i samisk, både lånord som går attende til tida før synkopetida, og seinare lånord.

Genustilordning endre

Norske substantiv er delt inn i tre genera, maskulinum, femininum eller nøytrum, etter eit sett av genustilordningsreglar. Nokre av dei mest sentrale reglane er:

  • Alle ord er maskuline, viss ingen reglar seier noko anna
  • Der norsk har ulike ord for han- og hokjønn, følgjer genus det biologiske kjønnet. Frå dette utgangspunktet får vi ei semantisk utviding, slik at ord for fruktbar og våt jord er feminine (jord, myr, mold), mens ord for stein og mineral er maskuline (stein, grus). Ord for terrengtoppar er maskuline (nut, kamp, topp, knatt), mens ord for terrengfordjupingar er feminine (grop, dolp, deld, grav, kløft).
  • Substantiv danna av verb ved hjelp av konversjon (avleiing utan bruk av morfologiske prosessar) er nøytra (kast, hopp, stikk), mens substantiv danna av verb med suffikset -ing er feminina (kasting, hopping, stikking). Substantiv danna av adjektiv med suffikset -ing er maskulina (kviting, svarting, sværing)
  • Ord på trykksvak -e er feminina, men viss dei viser til personar (kunde, fiende, granne) eller til avlange gjenstandar (pinne, stolpe, stubbe), eller plantar (borre, bregne, karve) er dei maskulina.
  • Ord for heimlege tre er feminina (bjørk, furu, lønn, rogn), og ord for plantar er maskulina. Ord for blomar følgjer vanlege reglar, og er feminina når dei sluttar på -e (lilje, symre, sildre), og maskulina elles (blåveis, pors, tulipan).

Skriftsystem endre

Norsk har frå og med 1000-talet vorte skrive med det latinske alfabetet, med tillegg av bokstavane ð og þ, og i moderne norsk æ, ø og å. I tillegg blir desse bokstavane brukt: à, á, ê, é, ò, ô, ó. Norsk vart og skrive med runealfabetet til inn i høgmellomalderen.

Indre språkhistorie endre

For meir om dette emnet, sjå Norsk indre språkhistorie.

Perioden då urnordisk var eitt språk slutta omtrent 500, med synkopetida, då urnordisk vart delt i ei austleg og ei vestleg grein, i vest gammalnorsk og i aust gammaldansk og gammalsvensk. Vi reknar at den gammalnorske perioden varte til omtrent 1350, eller omtrent til Svartedauen, sjølv om fleire av dei språklege endringane starta tidlegare. Perioden fram til ca. 1525-1550 blir kalla for mellomnorsk, dette er ei tid prega av språkendring. Frå og med 1550 er vi inne i den nynorske perioden, språket frå midten av 1500-talet er forståeleg for moderne talarar. Ei anna inndeling avgrensar eldre gamalnorsk til perioden fram til om lag 1250, yngre gamalnorsk til perioden 1250 - 1500, og nynorsk til perioden etter 1500. Målt opp imot kvarandre er likevel endringane rundt 1350-1400 større enn dei som oppstod i hundreåret før.

Ytre språkhistorie endre

For meir om dette emnet, sjå Norsk ytre språkhistorie.

Dei første skriftlege kjeldene for urnordisk, runeinnskrifter er frå 200-talet. Innføringa av kristendommen førte til at norrønt vart skrive med det latinske alfabetet, men bruken av runer i uformell bruk, slikt som vi i dag ville ha kalla grafitti eller hugseliste til butikken, heldt seg til inn i seinmellomalderen. Mange av skribentane som skreiv med det latinske alfabetet kunne også latin, og det er ein del latinske lånord i tekstane, særleg dei som omhandlar religiøse emne. Dokument som omhandla tilhøvet til andre land og til kyrkja vart skrive på latin, andre på norrønt.

Med unionen med Danmark frå 1389 og med Kalmarunionen kom det svenske og danske skribentar inn i riksstyringa, og gradvis vart dansk meir og meir brukt som administrasjonsspråk. Norsk heldt seg best i dei såkalla bondebreva, som i hovudsak var saksdokument frå rettsvesenet, her finn vi norsk til innpå 1600-talet. Reformasjonen innebar at dansk tok fullstendig over som skriftspråk i Noreg.

Etter 1814 måtte Noreg velje mellom å halde fram med den tidlegare kolonimakta sitt språk, eller ta i bruk sitt eige. Då norsk (landsmål/nynorsk) vart eit reelt alternativ frå 1870-talet valde dansktilhengarane dels å gje konsesjonar til dialektane, men ikkje til det norske skriftspråket (eit samrøystes stortingsvedtak i 1879 opna for bruk av dialekt i skolen), og dels å gjere dansk meir norsk, gjennom ein rad såkalla rettskrivingsreformer av dansk (seinare bokmål). Etter andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta samla nasjonen, og dei nasjonale argumenta for (ny-)norsk var ikkje lenger gangbare. Det førte òg til at politikken for å sameine dei to språka (samnorskpolitikken) etter kvart vart oppgjeven.

Litteratur endre

For meir om dette emnet, sjå Norsk litteratur.

Allereie frå norrøn tid har munnleg tradisjon hatt ei sterk stilling i norsk litteratur. Før moderne norsk fekk eit eige skriftspråk levde folkediktinga gjennom stev, folkeviser, ordtak, segner og eventyr. På 1800-talet inspirerte innsamling og utgjeving av desse til utviklinga av ein eigen norsk litteratur og skriftspråk. Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen var mellom anna viktige i å skapa norsk teater og scenespråk. A.O. Vinje tok i bruk det nye landsmålet i journalistikk og dikting. Seinare vann prosaforfattarane Sigrid Undset og Knut Hamsun nobelprisar i litteratur for sine romanar. I nyare tid har dramatikarar som Cecilie Løveid og Jon Fosse, krimforfattarar som Anne Holt, Karin Fossum og Jo Nesbø og røyndomsnære forfattarar som Karl Ove Knausgård og Åsne Seierstad gjort seg merkte, også internasjonalt.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Birgit Falck-Kjällquist (1999). «Om Bohusläns dialekter». Språknytt. 

Bakgrunnsstoff endre

Nettstader
Litteratur
  • Faarlund, Jan Terje, Svein Lie og Kjell Ivar Vannebo (1997). Norsk referansegrammatikk. Oslo. 
  • Kristoffersen, Gjert (2000). The Phonology of Norwegian. Oxford: Oxford university press. 
  • Sandøy, Helge (1985). Norsk dialektkunnskap. Oslo.