Donausvingen ved Visegrád

Donausvingen er ein stor sving i elva Donau i Ungarn. Donau renn hovudsakleg frå vest mot aust gjennom Tyskland, Austerrike og langs grensa mellom Slovakia og Ungarn. Like nord for Budapest, ved Visegrád, vert ho derimot bøygd av sørover av Dei nordungarske mellomfjella og renn frå her rett sørover, gjennom Budapest og deler Ungarn i to. Ho renn så ut av Ungarn og langs grensa mellom Kroatia og Serbia, før ho snur austover igjen og gjennom Serbia.

Svingen har delvis arva forma si frå den hesteskoforma kalderaen til den 15 millionar år gamle Keserűs-vulkanen.[1]

KjelderEndra

  1. Karátson, Dávid (2015). «Danube Bend: Miocene Half-Caldera and Pleistocene Gorge». Landscapes and Landforms of Hungary. World Geomorphological Landscapes (på engelsk). Springer, Cham. s. 129–137. ISBN 978-3-319-08996-6. doi:10.1007/978-3-319-08997-3_16.